Lymfødembehandling, pulsator og kompresjonsplagg

Lymfødem

Fagansvarleg avdeling: Fys.med v/fagansvarleg fysioterapeut

  • Lymfødem skuldast redusert transportkapasitet i lymfesystemet. Det medfører at lymfevæske vil sive ut i vevet og gi hevelse.
  • Vi skil mellom lipo, primært (arv) og sekundært (på grunn av underliggende sjukdom) lymfødem.
  • Lymfødem er en varig tilstand, og det finst ingen helbredande behandling.
  • Hovedbehandlinga er massasje utført av fysioterapeuter med spesialutdannelse, bruk av elastiske bandasjer og strømper, nøye hudpleie og antibiotika ved oppblussing av hudinfeksjoner.

Kva ordninga dekker

Behandlingshjelpemiddelordninga kan dekke utgifter til pulsator og kompresjonsplagg for behandling av slike formar for lymfødem:

  • Primærlymfødem
  • Sekundærlymfødem
  • Lipolymfødem

Fysioterapeutar med spesialkompetanse i komplett fysikalsk lymfødembehandling og samarbeidsavtale med helseføretaket kan søkje om å få dekka kostnader for kompresjonsplagg for sine pasientar.

Søknad om dekning av utgifter til kompresjonsplagg

Rutinar for utfylling og sending av søknad finne ein her :

Bestilling av kompresjonsplagg

Bestilling av målsydde kompresjonsplagg gjerast via leverandørane sine nettportalar (“WEB-butikkar”) – når søknad om dekning av utgifter er godkjent av fagansvarlig i helseføretaket.

Sakshandsaminga

Her finn ein hovudelementa i sakshandsaminga:

Før bestilling av kompresjonsplagg kan skje, må søknaden om dekking av utgifter til plagget bli godkjent av helseføretaket (spesialisthelsetenesta) v/fagperson for kompresjonsplagg. 

Ekstern fysioterapeut kan søke om dekning ved å sende BHM-søknadsskjema (word) til helseføretaket sitt postmottak :

     Førde Sentralsjukehus, Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde

Postmottak sender søknaden vidare til skanningskontoret, som skanner søknaden og vidaresendar søknaden via Dips til handsaming kvalitetssikring i Seksjon formedisinsk heimebehandling.  Dersom søknaden er korrekt utfylt, blir fagansvarleg for kompresjonsplagg varsla via «Gul lapp» i Dips om at søknaden er klar for vurdering, og evt.godkjenning.

Fagansvarleg informerar ekstern fysioterapeut om vedtaket – om søknaden er godkjent eller ikkje.  Når godkjenning av søknad foreligger, kan ekstern fysioterapeut legge inn bestilling av kompresjonsplagg for pasienten i den aktuelle leverandøren sin nettbutikk.  

Når ekstern fysioterapeut har gjort klar bestilling av kompresjonsplagg, blir det via nettbutikken sendt mail til fagansvarlege via Outlook-postboks «Postboks, HFD, BHM, Kompresjonsbehandling».

Fagansvarleg kan via link i mailen nå ei eiga pålogging i nettbutikken for å kunne godkjenne bestillinga, og ved det gje klarsignal for produksjon og leveranse av nytt kompresjonsplagg til pasienten.

Når ei bestilling blir godkjent i nettbutikken, må fagansvarleg også knytte bestillinga til pasienten i Medusa, slik at ein kan halde oversikt over kva kvar enkelt pasient har fått tildelt av utstyr og materiell.  Dette gjer ein ved å sette opp ei leveringsordre knytta til pasienten.

Slik går ein fram for å etablere leveringsordre i Medusa:

Personvern

Den som bestiller plagg, må saman med måla til pasienten, leggje inn pasienten sitt namn og adresse, slik at produsenten kan sende plagga rett heim til pasienten når dei er klare. 

Pasienten sine mål vil saman med pasienten sitt namn utgjer sensitiv informasjon

Difor må den som iverksett bestilling (t.d. den eksterne fysioterapeuten) syte for at pasienten gir sitt samtykke til at personinformasjon kan brukast ved bestilling av kompresjonsplagget. 

Det var sett som eit minstekrav at dei som skulle bli valt til leverandør av kompresjonsplagg til helseføretaka i landet måte signere databehandlaravtale med kvart helseføretak (den juridiske eininga) om at dei tek vare på sensitive persondata i tråd med forskriftene, og ikkje bruker personopplysningane til noko anna enn som retningslinjer for produksjon og sending av ferdig vare.

Pr. des 2018 pågår det arbeid med å få ein slik databehandlaravtale på plass.  Ein tek sikte på å få på plass ein likelydande avtale for alle føretaka på Vestlandet.

Legg igjen en kommentar