Inkontinens, behandlingsformar

Utstyr for behandling av stressinkontinens, og urgeinkontinens.  

Det er berre elektrostimulator og biofeedapparat som blir dekka innan denne fagkategorien.

Referanse i EK-handboka

Elektrostimulatorar og biofeedbackapparat kan bli administrert via Kvinneklinikken, Kirurgisk avdeling og Fysmed.

Utstyret blir lånt ut som ei “behandlingspakke” (instrument prober etc. saman med instrument i eit etui), saman med returkonvolutt, som kan brukast når utstyret skal sendast i retur til helseføretaket.  Resirkulering av utstyret etter bruk skjer ved Medisinsk teknisk avdeling. 

Utstyr blir normalt utlånt for bruk over ein 3 – 6 månadersperiode, men enkelte pasientar brukar utstyret også utover dette.

Det er medisinsk teknisk avdeling som har ansvaret for logistikken : syte for at det til ei kvar tid er tilgjengeleg apparat i sjukehuset.  Kvar enkelt avdeling som leverer ut apparat må sjølv ta ansvaret for å hente utstyret ved MTA til eige lokalt lager dersom dette er nødvendig for å få flyt i tenesta i avdelinga.