Fagansvarlege innan medisinsk heimebehandling, og deira oppgåver

I Helse Førde er fagansvaret innan medisinsk heimebehandling fordelt  avdelingsvis mellom dei kliniske avdelingane.

Når det for iverksetting av heimebehandling er behov for ein fagansvarleg sin kompetanse, kan ein sende tilvising via DIPS til avdelinga som har ansvaret for fagområdet søknaden gjeld.

Dei medisinske fagansvarlege har slike oppgåver :

  • Iverksetjing av medisinske heimebehandlingstiltak for tilviste pasientar i Helse Førde.  Skrive søknad med spesifisering av tiltaket, samt gjere avtale med rekvirerande pasientansvarlege avdeling om gjennomføring av opplæring av pasientar, pårørande og helsepersonell i primærhelsetenesta.
  • Fungere som fagleg rådgjevar for pasientar, internt eksternt helsepersonell
  • Opprette og vedlikehalde Helse Førde sine fagprosedyrar innan sine fagområder.
  • Opprette og vedlikehalde relevante varelister – som ein del av fagprosedyrane (forbruksmateriell for minimum 4 veker, pasienten bestiller seinare sjølv materiell etter behov.  Søknaden er å sjå på som «pasienten sin resept»).
  • Vurdere (godkjenne/avslå) søknadar frå helsepersonell utanfor helseføretaket (Ekstern søknad). 
  • Ved behov – Kvalitetssikring av søknadar innanfrå helseføretaket.  (Søknadshandtering i Helse Førde)

Ein fagansvarleg har ofte spesialutdanning innan eit fagområdet, t.d. legespesialist, eller sjukepleiar/fysioterapeut m/spesialutdanning eller annan form for opplæring/spissing av kompetanse.

Kvifor vi gjer det slik

I Helse Førde har ein når det gjeld medisinsk heimebehandling, som for inneliggande pasientar,  valt å basere den medisinske fagkompetansen på kompetansen ved fagansvarlege avdelingar i sjukehuset.

Ein meiner dette er den beste måten Helse Førde kan ivareta dei medisinske sidene av heimebehandlinga på : bygge på dei fagelege erfaringane nærleik til klinikken kan gje.  Vi trur og det er bra for den kliniske aktiviteten og fagutvikling at dei fagansvarlege og har god innsikt og forståing for heimebehandlingssituasjonen.

Ein meiner det er betre å få utpeikt fagansvarlege personar ved dei kliniske avdelingane framfor å byggje eigne (dublerte) fagmiljø «utanfor sjukehuset»  ved Medisinsk heimebehandling.

Når ein skal gjere bruk av dei fagansvarlege

Før ein skriv søknaden om iverksetting av tiltak, er det viktig at ein vurderer om ein har tilstrekkeleg kunnskap i eigen avdeling til å sette opp søknaden, og følgje opp ansvaret søm følgjer med oppstart av medisinske heimebehandlingstiltak.   

Dersom ein ikkje har god innsikt i heimebehandlingstiltaket, og er parat til å gjennomføre full opplæring av pasient, pårørande og eventuelt heimetenesta, då skal ein heller tilvise pasienten til fagansvarleg for fagområdet. 

Bruk av fagansvarlege kan sikre meir effektiv sakshandsaming, og bidra til at pasienten fortare kjem godt i gang med behandlinga – med rett utstyr.

Om tiltaket gjeld fagområde ein ikkje handterer kvar veke bør alltid fagansvarleg inn i biletet før søknad blir skriven.

Det er viktig å vere klar over at utstyr brukt i heimebehandling kan vere av ein annan type enn det utstyret ein er kjend med i sjukehuset.

Kvalitetssikring

Alle søknadar om medisinsk heimebehandling, som ikkje bli direkte handtert av fagansvarlege, blir kvalitetssikra av saksbehandlar ved Medisinsk heimebehandling.

Søknadar som er mangelfulle – ikkje er tilstrekkeleg utfylt for å kunne bli effektuert, blir returnert til avsendar for komplettering – eventuelt med tilråding om at pasienten blir tilvist fagansvarleg avdeling.

Korrekt utfylling av søknaden ved fyrste gongs oversending vil difor vere tidssparande for alle involverte partar, og vil sikre pasienten trygg behandling.

Sjå eiga utgreiinga om utfylling av søknad.