Ansvar som brukar av medisinsk heimebehandling

Som brukar av medisinsk heimebehandling t.d. i form av behandlingshjelpemiddel, er ditt ansvar :

  • Lære deg å bruke utlånt og utlevert utstyr korrekt.
  • Bestille medisinsk forbruksmateriell når det er trong for det (rekn med 5 – 8 dagars leveringstid).
  • Ta kontakt med oss dersom det oppstår feil ved utstyret (tlf.nr. i meny til høgre).
  • Levere tilbake utstyr og forbruksmateriell når du ikkje lengre har trong for det, utstyret er berre på utlån.

Brukarmanualar

Via denne nettstaden skal du kunne finne informasjon om korleis utstyret du har fått utlånt skal brukast, her under også vedlikehaldast, slik at det fungerer optimalt for deg.  T.d. kan enkelt reinhald vere avgjerande for at utstyret skal fungere optimalt.  Informasjonen skal vere i form av brukarmanualar og korte videosnuttar.

Bestille medisinsk forbruksmateriell

Du kan bestille forbruksmateriell via denne nettstaden. Når du bestiller varer, vil vi sjå til at du får dei rette varene basert på informasjonen vi har om ditt behandlingshjelpemiddeltiltak i våre datasystem.

Ved problem

Dersom du har problem med utstyret du har lånt som du ikkje finn løysing på,  oppmodar vi deg til å ta kontakt med oss via vår ordretelefon eller medisinsk teknisk verkstad for å få hjelp (tlf.nr i meny til høgre).

Vår oppgåve er ikkje berre å levere ut nødvendig utstyr til deg, men og syte for at du får den behandlinga du har krav på.  Dette gjer vi aller best ved å setje deg best mogleg i stand til å handter din eigen kvardag sjølv ved å gje deg opplæring og rettleiing i bruk av utstyret du har fått låne.