BIPAP (bilevel positive airway pressure)

EK-handboka

BiPAP er enkle, trykkstyrte ventilatorar som fortrinnsvis brukast på pasientar som pustar sjølv, men som treng ei viss ventilasjonsstøtte.

BiPAP brukast helst i forbindelse med ei maske som dekker nase og munn, eventuelt berre nasa. BiPAP-maskina gir eit positivt luftvegstrykk under både inn- og utpusting; høgast trykk når ein pustar inn. Brukast i akuttbehandling av pasientar med lungesjukdommar, hos pasientar med nevromuskulære sjukdommar og ved søvnrelatert pustebesvær.