Bruk av videosamtale for primærhelsetenesta, oppkopling som deltakar

Denne sida er oppretta for å legge til rette for videosamtale – via nettlesar på PC, mobil eller nettbrett – mellom helsepersonell i Helse Førde, og helsepersonell utanfor Helse Førde.

Videosamtale kan gjennomførast mellom ein vert, og ein eller fleire deltakarar – som alle må kople seg opp mot eit felles virtuelt videosamtale-møterom.

Før ein kan gå i gang med ein videosamtale, må ein difor gjere avtale om :

  • kven ein ønskjer å snakke med, 
  • når samtalen skal finne stad, og 
  • kva møterom ein skal bruke for videosamtala (“kor ein skal møtast”).

Dersom du tek i bruk denne løysinga forstår vi det slik at du aksepterer Norsk Helsenett sin personvernerklæring – knytt til drift av tenesta.

Avtale om videosamtale kan ein gjere direkte med helsepersonell i Helse Førde, eller via det ambulante MEDHB-teamet som kjem på besøk. Ambulant MEDHB-team kan også bistå med å få etablert videosamtalen.

  • Ved å trykke på ein av møteromsknappane under, får ein tilgang til eit elektronisk møterom – eit virtuelt møterom.
  • Alle som skal delta i videosamtalen må ringe inn til/koble seg opp mot det same møterommet. Dette må avtalast på førehand.
  • Det er berre helsepersonell som kan vere “vertar” for videosamtale, og styre videomøtet. Alle andre er “deltakarar”.
  • Den som styrer videomøtet – “verten” er ansvarleg for å “låse rommet” når alle har kopla seg på, og før samtalen startar.

Merk:

  • Det er trong for passord for å kunne vere “Vert” for ein videosamtale. Ta kontakt med oss om det er nødvendig å ordne med passord.
  • Bruk av sjølve løysinga er “gratis”, men kostnadar for bruk av datanette/telenett må ein koste sjølv.

Kopl opp til møterom som “Deltakar” – for videosamtale mellom vert og ein deltakar :

2-parts videosamtale:

4 -parts møterom:

Dersom du har problem :

  • Dersom du ikkje får kontakt med kamera/høgtalar eller mikrofon når videoprogramvaren blir starta, trykk på “hengelåsen” i adresselinja i nettlesar, og sjekk at Paxip (join.NHN.no) har lov til å bruke både kamera og mikrofon på din PC.