Dialyse, heimedialyse PD

Peritoneal dialyse

Peritoneal dialyse er ein dialyseform som er aukande. Ved peritoneal dialyse blir avfallsstoffa fjerna frå blodet gjennom bukhinna (peritoneum) som fungerer som dialysemembran.

Bukhinna har eit stort areal og rik blodforsyning. Eit mykt kateter blir operert inn i bukhola slik at 1–2 liter dialysevæske kan settast inn i bukhola. Dialysevæska inneheld glukose (sukker), og ved hjelp av osmose blir vatn trekt ut av blodet. Aukande glukosekonsentrasjon gir meir væsketrekk. Konsentrasjonsforskjellar gjer at avfallsprodukt kan bli fjerna.

Vanlegvis –  etter nokre timar – blir væska tappa ut, og ny dialysevæske sett inn.

Peritoneal dialyse blir ofte føretrekt for barn. Pasientar med kronisk nyresvikt blir opplærd til sjølv å styre behandlinga, som skjer heime.

I Helse Førde er det etablert ei teneste for levering av dialysevæske og materiell via Medisinsk Heimebehandling sitt ambulante team. Vanlegvis får kvar pasient levering av materiell kvar 14 dag.

Det finst ulike formar for peritoneal dialyse. Ved den eldste metoden, CAPD (kontinuerlig ambulatorisk peritoneal dialyse), blir dialysevæske vanlegvis skifta 4 gongar i døgnet.

APD (automatisert peritoneal dialyse) kan for nokre pasientar vere ei enklare behandling å gjennomføre.  APD- dialysebehandlinga gjennomførast om natta, noko som gjer at pasienten får frigitt dagtida. APD skjer ved bruk av maskin som styrer væsketrekk, og sørgjer for automatisk skifting av dialysevæska i bukhola.  (Kriteria for val av den eine eller andre behandlingsforma er ikkje klarlagd.)

(fritt etter https://www.nsf.no/peritonealdialyse/artikkelliste/632320)