Dialyse, heimedialyse, HD

Hemodialyse

Ved hemodialyse blir pasienten sitt blod leda ut av kroppen til eit dialysefilter (dialysator) som består av ei rekke hårrøyr som blodet går igjennom. Veggane i hårrøyra er ein semipermeabel membran der vatn, saltar og små molekyl som urinstoff og kreatinin kan passere gjennom, medan større molekyl som protein blir halden tilbake i blodbanen.

Det er hemodialysemaskina som sørgjer for at det blir riktige konsentrasjonar av salt i dialysevæska, samt regulerer flow, temperatur og trykk i dialysevæska.

Etter som konsentrasjonen av stoffa er forskjellig i blod og i dialysevæske, vil avfallsprodukt og enkelte stoffer gå over i dialysevæsken. Ved å regulere på trykket over dialysemembranen ved bruk av hemodialysemaskina kan ein styre mengda vatn som blir trekt ut av blodbanen.

For å sikre god blodtilgang slik at blodstraumen til dialysefilteret kan bli stor nok, blir det ved ein enkel operasjon laga ein fistel på underarmen. Ein arterie koplast då direkte saman med ei vene under huda. Ved kvar dialyse blir det lagt inn dialysenåler i fistelen, ein for blodstraumen til og frå dialysator. Blodstraumen blir styrt av pumpe på dialysemaskinen.

Bruk av hemodialysemaskin krev også reint vatn, noko ein treng eige vassreinseanlegg for.

Bruk av hemodialysemaskin er oppfatta som noko meir utfordrande enn PD både driftsmessig og når det gjeld teknisk tilrettelegging.  Hemodialysemaskin er enno ikkje teken i bruk av heimepasientar i Helse Førde.  Det vil også vere meir personalkrevjande for kommunen å tilby hjelp, då det er trong for spesialkompetanse for å bruka dialysemaskina, noko som kan vere vanskeleg å byggje opp i ei heimeteneste med omfattande turnus.  (mange å lære opp).  (Fritt etter https://www.nsf.no/seksjonsunderside/fag/faggrupper/nyresykepleiere/hemodialyse) 0000000000