Ha med utstyr på reise

Er du på reise i Noreg og det oppstår feil ved medisinsk teknisk utstyr, ta kontakt med vår medisinsk tekniske verkstad på telefonr. 57 83 98 64 kvardagar kl.08.00 – 15.30.

Forbruksmateriell kan ein bestille hjå Medisinsk heimebehandling på telefon 57 83 15 39 kvardagar 09.00-14.00

Dersom du oppheld deg i andre områder i Noreg enn i Helse Førde sitt driftsområde, vil vi kunne formidle kontakt med næraste behandlingshjelpemiddeleining

Utstyret:

På reise gjeld følgjande:

  • Utstyret må pakkast forsvarleg,
  • skal transporterast som handbagasje eller spesialbagasje.

Helseføretaket er økonomisk ansvarleg for det utstyret som ligg under helseføretaket sitt «sørge for» ansvar til heimebuande pasientar så lenge dei oppheld seg i Noreg, jfr. spesialisthelsetenestelova § 1-2, 2-1a og pasientrettigheitslova § 1-2.

Vel du å ta med utstyr ut av landet og det oppstår feil ved utstyret, har ikkje helseføretaket høve til å hjelpe deg før du er tilbake i Noreg.

Vi tilrår at utstyret blir verdiforsikra under utanlandsreiser. Ordinær reiseforsikring dekkjer ikkje nødvendigvis slikt utstyr, sjekk forsikringsvilkåra dine.

Ein kan sjølv bli halden økonomisk ansvarleg for skade og tap av utstyret som skuldast uaktsomheit eller forsett.

Helseforsikring

  • Før du reiser ut av Noreg tilrår vi deg også å bestille Europeisk helsetrygdkort. Kortet gir rett til nødvendige helsetenester under midlertidig opphald i eit anna EØS-land.
  • Du bør teikne ei reiseforsikring som dekkjer helseutgifter

Dine rettar blir styrt av reglane i opphaldslandet.

Forbruksmateriell:

Vi sendar forbruksmateriellet du har trong for til di norske adresse, du har sjølv ansvar for å få det tilsendt derifrå til di nye adresse i utlandet.