Fagansvarleg avdeling:
- Medisinsk avdeling/poliklinikk
- Barneavdeling/poliklinikk
Behandling av diabetes med insulinutstyr inngår i oppgåvene som er tillagt helseføretaka. I Helse Førde er det seksjon for medisinsk heimebehandling som administrerer logistikken knyta til utlevering av insulinmateriell. Utvalet av utstyr er styrt av nasjonale rammeavtalar innan fagområdet.
Vi har satt samen slik informasjon om anbodsrunden og utstyret denne om fattar :
- Avtalefordeling
- Aktive avtalar innan insulinbehandlingsområdet (berre tilgjengeleg i Helse Førde)
- Seleksjonskriterier for val og til deling av CGM-utstyr
Når det gjelde utstyret som inngår i avtalen, har ein valt å samstille slik sentral informasjon :
- Batteribruk, type pr utstyrsmodell
- CGM sensor, appliseringsverktøy og sendarar
- Infusjonssett og appliseringsverktøy (Inserterar)
- Generell funksjonalitet, samanlikning CGM
- Generell funksjonalitet, samanlikning insulinpumper
- Datakommunikasjon, for insulinpumper og CGM-utstyr, App’er, “følgjefunksjon” etc.
- Diasend på sjukehuset, og heime
- Carelink på sjukehuset og heime
Utstyr som ikkje lengre er omfatta av rammeavtalane, men som framleis er i bruk, blir fortsatt følgt opp med leveransar av forbruksmateriell.
Her finn du oversikt over utstyret som er tilgjengeleg i Helse Førde.
Diabetes mellitus
Denne kategorien omfattar utstyr og artiklar som er aktuelle å bruk i insulinbehandling for pasientar med diabetes: Insulinpumper og CGM-utstyr m/tilhøyr.
Diabetes er ein stoffskiftesjukdom som skuldast nedsett eller manglande produksjon av hormonet insulin. Manglande insulin kan gjere til at blodsukkert blir stigande, noko som har fleire uheldige effektar.
Diabetes type 1 er ein autoimmun sjukdom der kroppen ikkje lenger produserar hormonet Insulin slik at dette må tilførast. MEDHB dekkjer utstyr til behandling ved denne typen diabetes
Diabetes type 2 oppstår oftast hos vaksne, og heng ofte saman med overvekt og manglande fysisk aktivitet. Denne blir behandla med livsstilsendring og i enkelte tilfelle med tabelettar. Blir ikkje dekka av MEDHB
LADA (latent autoimmun diabetes hos voksne) er ein mellomdiagnose av type 1 og 2 Denne utviklar seg gradvis og kan etter ca 6-12 mnd etter deby trenge Insulin. Blir då dekka av MEDHB