Vareomfaget knyta til INR-måling
Iverksetting av tiltak for eigen kontroll av antikoagulasjonsbehandling (Marevanbehandling) skjer etter gjennomført diagnostikk ved Medisinsk poliklinikk.
Det er oppretta avtaler mellom Noclus og fleire helseføretak om gjennomføring av opplæring av pasientar i eigenkontroll av Marevanbehandling ved måling av blodet si koagulasjonsevne.
Føremålet er å gje pasientane auka livskvalitet gjennom betre innsikt i eigen sjukdom, og difor kan oppleve betre tryggleik med sin sjukdomssituasjon.
Opplæringsopplegget omfattar instrumentbruk og målemetodikk – og korleis ein kan endre Marevandosen på ein trygg og god måte. Opplæringsopplegget går over 21 veker, og om fattar 3 dagssamlingar.
Opplæringsopplegget som blir følgt er utprøvd ved Noklus senter i Bergen og Noclus i Helse Nord.