Ansvaret for medisinsk heimebehandling, behandlingshjelpemiddel

Kva ordninga omfattar

Ordninga for medisinsk heimebehandling omfattar m.a. utlån av behandlingshjelpemidlar, og utlevering av spesifisert medisinsk forbruksmateriell.

Ordninga for Medisinsk heimebehandling i form av behandlingshjelpemiddel er regulert av HOD.

Medisinskfagleg ansvar

Det er berre spesialisthelsetenesta (helseføretaket), som etter gjennomført diagnostikk av pasient kan, sette i gang spesialisthelseteneste for pasienten heime t.d. i form av eit behandlingshjelpemiddeltiltak.

Når lege utanfor føretaket tek initiativ for heimebehandling, må søknad/førespurnad om dette gå via spesialisthelsetenesta (helseføretaket).

Søknad om iverksetting av tiltak for medisinsk heimebehandling t.d. i form av behandlingshjelpemiddel sendast :

   Førde Sentralsjukehus, Helse Førde HF, Skanningskontoret, Postboks 1000, 6807 Førde

Når søknaden er skanna inn i Dips (pasientadministrativt system), registrerer Medisinsk heimebehandling saka i sitt administrative system (Medusa), og overfører den til vidare behandling i den medisinsk avdelinga som har fagansvaret for tiltaket det blir søkt om.

I praksis er det legespesialisten ved den medisinske avdelinga som får søknaden til vurdering som blir ansvarleg for tiltaket, og for at det er samsvar mellom den medisinske diagnosen pasienten har fått og utstyret det blir søkt om.

Det vil difor også være legespesialisten som er ansvarleg for korrekt utfylling av søknad om medisinsk heimebehandling for iverksetting av behandlingstiltak heime.

Det er eit skilje mellom det utstyret og materiellet ordninga for behandlingshjelpemidlar skal dekke, og det utstyret som er dekka av Helfo sine stønadsordningar.

Diverre er skiljet mellom dei 2 stønadsformene ikkje tydeleg reint medisinsk fagleg, men meir regelstyrt.

Fellesnemnaren er at det berre er lege som har løyve til å søke om utstyr/stønad både når det gjeld behandlingshjelpemiddel og forbruksmateriellstønad via Helfo.

Oppfølging av pasienten

Det er helseføretaket via den pasientansvarlege avdelinga som er medisinsk fagleg ansvarleg for oppfølging av pasient som brukar spesialisert medisinsk heimebehandlingsutstyr.

Heimebehandling er å sjå på som ei utviding av den kliniske verksemda i sjukehuset.

Oppfølgingsansvaret kan for nokre behandlingstiltak bli ivareteke i samarbeid med primærhelsetenesta i pasienten sin heimkommune.

Fagressursar i føretaket

Ansvaret for ulike heimebehandlingstiltak er fordelt mellom dei medisinske fagavdelingane i føretaket.

Dei som har fagansvaret for ein tiltakskategori skal fungere som ressursavdeling for dei andre avdelingane i føretaket som gjer bruk av same tiltakstype.

Ein kan finne ut korleis fagansvaret er fordelt ved å gå inn på tiltaksoversikta.

Medisinsk heimebehandling sitt ansvar

Seksjonen har ikkje medisinsk-fagleg ansvar eller pasientansvar.

Seksjonen skal : 

  • Administrere ordninga for medisinsk heimebehandling, i tråd med gjeldande forskrifter
  • sjå til at regelverket som gjeld for ordninga blir etterlevd, at det ikkje blir levert ut utstyr via ordninga som blir dekka av andre stønadsformer t.d. via Helfo.
  • bidra til å koordinerande samhandling mellom den medisinsk fagavdeling, forsyningsavdelinga, primærhelsetenesta, pasient og pårørande – slik at leveransane av nødvendig utstyr og forbruksmateriell til ei kvar tid fungerer: at pasientane får rett utstyr.
  • Ta i mot bestilling og stå for leveranse (transport) av medisinsk forbruksmateriell når pasientar melder behov for dette. 
  • Samarbeide med medisinsk teknisk avdeling om teknisk oppfølging og vedlikehald av utlånt utstyr.

Hjelpemiddel i arbeidet med søknaden

Denne internettsida er utforma for å bidra til å gjere det enklare for kliniske personell og brukarar av behandlingshjelpemiddel å spesifisere korrekt nødvendig utstyr og forbruksmateriell for tiltaket – ved å gjere tilgjengeleg denne WEB-butikken  for bestilling av materiell tilgjengeleg for ordninga.