Ansvaret for medisinsk heimebehandling, behandlingshjelpemiddel (intern søknad)

Kva ordninga omfattar

Ordninga for medisinsk heimebehandling omfattar m.a. utlån av behandlingshjelpemidlar, og utlevering av spesifisert medisinsk forbruksmateriell.

Ordninga for Medisinsk heimebehandling i form av behandlingshjelpemiddel er regulert av HOD.

Medisinsk fagleg ansvar

Det er berre spesialisthelsetenesta (helseføretaket), som etter gjennomført diagnostikk av pasient kan, sette i gang spesialisthelseteneste for pasienten heime t.d. i form av eit behandlingshjelpemiddeltiltak.

I praksis er det den pasientansvarlege avdelinga ved pasienten sin lege som er ansvarleg for korrekt utfylling av søknad om medisinsk heimebehandling og iverksetting av behandlingstiltak heime.

Medisinske fagansvarlege ressurspersonar kan bidra med spesialkomptanse dersom det er trong for dette ved skriving av søknad. Oversikt over korleis fagansvaret er fordelt kan ein finne her.

Helfo

Det er eit skilje mellom det utstyret og materiellet ordninga for behandlingshjelpemidlar skal dekke, og det utstyret som er dekka av Helfo sine stønadsordningar.

Diverre er skiljet mellom dei 2 stønadsformene ikkje tydeleg reint medisinsk fagleg, men meir regelstyrt. Fellesnemnaren er at det berre er lege som har løyve til å søke om utstyr/stønad både når det gjeld behandlingshjelpemiddel og forbruksmateriellstønad via Helfo.

Oppfølging av pasienten

Det er helseføretaket via den pasientansvarlege avdelinga som er medisinsk fagleg ansvarleg for oppfølging av pasient som brukar spesialisert medisinsk heimebehandlingsutstyr.

Heimebehandling er å sjå på som ei utviding av den kliniske verksemda i sjukehuset.

Oppfølgingsansvaret kan for nokre behandlingstiltak bli ivareteke i samarbeid med primærhelsetenesta i pasienten sin heim/kommune.

Fagressursar i føretaket

Ansvaret for ulike heimebehandlingstiltak er fordelt mellom dei medisinske fagavdelingane i føretaket. Dei som har fagansvaret for ein tiltakskategori skal fungere som ressursavdeling for dei andre avdelingane i føretaket som gjer bruk av same tiltakstype.

Ein kan finne ut korleis fagansvaret er fordelt ved å gå inn på tiltaksoversikta.

Ansvaret for søknadar frå legar utanfor helseføretaket

Søknadar frå legar utanfor føretaket om iverksetting av tiltak for medisinsk heimebehandling t.d. i form av behandlingshjelpemiddel sendast helseføretaket v/skaningkontoret, som gjer søknaden tilgjengeleg for vidare handsaming av “Seksjon for mediinsk heimebehandling”

Seksjonen syt for å registrere søknaden i dei administrative system (DIPS og Medusa), og overfører saka til vidare handsaming i den medisinsk avdelinga som har fagansvaret for tiltaket det blir søkt om.

,I praksis er det legespesialist ved den medisinske avdelinga som får søknaden til vurdering, som blir ansvarleg for tiltaket, og at det er samsvar mellom den medisinske diagnosen pasienten har fått og utstyret det blir søkt om.

Det vil difor også være legespesialisten som er ansvarleg for korrekt utfylling av søknad om medisinsk heimebehandling for iverksetting av behandlingstiltak heim.

Seksjon for medisinsk heimebehandling sitt ansvar

Seksjonen har ikkje medisinsk-fagleg ansvar eller pasientansvar.

Seksjonen skal :

  • Administrere ordninga for medisinsk heimebehandling, i tråd med gjeldande forskrifter
  • sjå til at regelverket som gjeld for ordninga blir etterlevd, at det ikkje blir levert ut utstyr via ordninga som blir dekka av andre stønadsformer t.d. via Helfo. 
  • bidra til å koordinerande samhandling mellom den medisinsk fagavdeling, forsyningsavdelinga, primærhelsetenesta, pasient og pårørande – slik at leveransane av nødvendig utstyr og forbruksmateriell til ei kvar tid fungerer: at pasientane får rett utstyr. 
  • Ta i mot bestilling og stå for leveranse av medisinsk forbruksmateriell når pasientar melder behov for dette.
  • Samarbeide med medisinsk teknisk avdeling om teknisk oppfølging og vedlikehald av utlånt utstyr.

Avvik

Dersom ein gjennom behandling av søknad om utstyr til medisinsk heimebehandling oppdagar feil eller feil varespesifikasjon, vil ein ta kontakt med søkar for å få retta feilen slik at pasientane får utlevert korrekt utstyr.

Hjelpemiddel i arbeidet med søknaden

Denne internettsida er utforma for å bidra til å gjere det enklare for kliniske personell og brukarar av behandlingshjelpemiddel å spesifisere korrekt nødvendig utstyr og forbruksmateriell for tiltaket – ved oppretting av ein WEB butikk der ein kan velje mellom artiklar som er tilgjengeleg for tenesta.