Oksygenbehandling

Fagansvarleg avdeling er :  Medisinsk avdeling, poliklinikkEK-prosedyre

Oksygenbehandling blir hovudsakleg tildelt pasientar med kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS) – varig nedsett lungefunksjon, men også pasientar med andre lidingar som t.d. “Cluster hodepine” og pasientar med generell nedsett lungefunksjon (t.d. kreftpasientar)

Ein bør gjennomføre blodgassanalyse før iverksetting av oksygenbehandling – som grunnlag for å vurdere trongen for behandling, og kva innstillingar/behandlingsform som kan vere aktuelt.

Ved søknad om tildeling av utstyr for oksygenbehandling er det viktig at flow (l/min) blir spesifisert, slik at pasienten kjem i gang med korrekt behandling etter utlevering av utstyr via seksjon for medisinsk heimebehandling.

Pasient skal få utlevert tilstrekkeleg utstyr slik at ein til ei kvar tid har ei beredskapsløysing. Dette kan vere i form av heime-fyllingsannlegg med ekstra flasker for sjøl å kunne lage til oksygen på oksygenflasker, og/eller i form av bærbare konsentratorløysingar.

Oksygenpermen

I Helse Førde er det oppretta ein «Oksygenperm» innehaldande relevant informasjon om kontaktpersonar, utstyr og retningslinjer for behandling av kols-pasientar. 

Oksygenbehandling i utlandet når du er på reise.

Tilbode behandlingsformer: