Dialyse , heimedialyse i Helse Førde

Nyresvikt

I Helse Førde ønskjer ein å kunne tilby dialyse som heimebehandling, peritoneal dialyse (PD) og hemodialyse.

Fagansvarleg avdeling i Helse Førde : Medisinsk avdeling, dialyse

Informasjon til heimedialysepasienten

Tilgjengeleg materiell :

Dialyseheimebehandling vil ikkje passe for alle dialysepasientar, slike kriteriar er sett for iverksetting av heimedialyse :

  • Pasienten sin helsetilstand. Pasienten skal kunnne handtere heimedialysen
  • Praktiske sider : pasienten må ha plass heime til å kunne utføre heimedialyse
  • Heimen må vere tilstrekkeleg tilrettelagt for gjennomføring av heimedialyse
  • Pasienten må ha tilgang til kompetent  helsepersonell som kan bidra ved spørsmål knytta til behandlinga

Oppfølging og logistikk

Helse Førde, Seksjon for Medisinsk heimebehandling (MEDHB) er etter 1 mars 2020 bindeleddet mellom heimedialysepasienten og Dialyseavdelinga (PD poliklinikk) når det gjeld praktiske sider ved ordninga. Dialyseavdelinga og PD-poliklinikk har det medisinske ansvaret.

MEDHB vil på vegne av Dialyseavdelinga følgje opp og levere forbruksmateriell heim til pasientane. Ved utlevering av varer vil ein gå igjennom varebehaldninga pasientane har, og syte for at dei til ei kvar tid har rett mengde varer fram til neste levering. I utgangspunktet blir varer levert på faste vekedagar. Endringar må avtalast i god tid.

Kvar pasient får oppsett eigen varemal, som gjer greie for mengda varer pasienten skal ha fram til neste leveranse. – typisk ein 14 dagars periode.

Innslag om tenesta i NRK 15/6 2020 (Heimebehandling…)

E-læringsmateriell frå Baxter, gjeldande avtaleleverandør på området