Oppfølging og drift av medisinske heimebehandlingstiltak

Når eit medisinsk heimebehandlingstiltak er sett i verk, kjem ein over i ein driftsperiode der pasientane, eventuelt via pårørande eller primærhelsetenesta, må ta meir ansvar for sin eigen situasjon.  Dette gjeld m.a. :

  • Bestilling av nødvendig medisinsk forbruksmateriell.
  • kontakte MEDHB/MTA ved tekniske problem.
  • Kontakte MEDHB eller klinisk avdeling ved spørsmål om bruk av utstyr.

Føresetnad for at pasienten skal kunne ta dette ansvaret :

  • God dialog med pasienten ved etablering av heimebehandlinga der det blirt gjort tydeleg greie for kva type materiell pasienten skal få ved etablering av pasienten si vareliste.
  • Ved endring av oppsettet av aktuelt forbruksmateriellvareliste, må endringa kommuniserast til pasient.
  • Endring i medisinsk heimebehandling skal dokumenterast i BHM-notat i DIPS, og MEDHB skal informerast (gul lapp i DIPS) om varelisteendring , slik at pasienten sin varemal kan bli oppdatert i Medusa, systemet som blir brukt ved vareleveranser til pasienten.

For å sikre at pasientane får med seg alle detaljar om utstyr og forbruksmateriell, bør det utleverast skriftleg materiell der utstyret er spesifisert.  Dette kan anten vere i form av kopi av søknadsskjemaet, eller ved utskrift av varelister frå  MEDHB.NO.