Pasientar tilhøyrande andre helseføretak

I Noreg er det fritt sjukehusval. Dette gjer at vi frå tid til annan opplever at pasientar tilhøyrande andre helseføretak kjem til oss for utgreiing. Resultatet av utgreiinga kan vere at det visar seg å vere trong for oppstart av medisinsk heimebehandling, t.d. ved bruk av behandlingshjelpemiddel.

Det er viktig å vere klar over at det er føretaket pasienten høyrer heime i som er formelt og økonomisk ansvarleg for pasienten.

Det er difor viktig at ein avklarer med føretaket pasienten høyrer heime i – korleis det medisinske heimebehandlingstiltak skal iverksetjast.

Hovudregelen er at legespesialist sender søknad om behandlingshjelpemiddel til heimeføretaket , og at heimeføretaket følgjer pasienten opp i form av utlevering av utstyr og materiell.

Spesielt å vere merksam på for Helse Førde

* Hornindal er f.o.m. 1/1 2020 slått saman med Volda kommune, og utgjer soleis ein del av Helse Midt, og ikkje lenger Helse Førde.

* Pasientar frå Gulen er knyt til Helse Bergen – ikkje Helse Førde.