,

Gassflasker til Invacare Perfecto 2 “homefill” løysing

kr0.00

Flaskene er til bruk saman med Invacare sin konsentrator og kompressorløysing.

Flaskene kan bli levert med spareventil og med ventil med kontinuerleg flow – som kan justerast i steg.

For å kunne bruke ein spareventil, må brukar kunne trigge ventilen.  Dvs. ha så god pusteevne at han/ho er i stand til å skape nok undertrykk i oksygenkateteret ein har i nasen når ein trekk pusten – slik at ventilen “skjønar at den skal opne” og levere oksygen.

Spareventilen har instillingar frå 1 – 5 l/min, men mengda oksygen er styrt av brukar sin pustefrekvens og evne til å trigge ventilen.

Bruk av spareventil gjer at gass berre blir levert når brukar trekk pusten.  Difor vil ei gassflaske med spareventil kunne levere gass i lengre tid før den går tom enn ei flaske som blir brukt med kontiuerleg flow – der oksygenet blir levert heile tida.

Sidan forbruket av gass ved bruk av spareventil er styrt av brukar, vil verdiane i tabellen under berre vere retningsgivande, men gir likevel ein god indikasjon på kor lenge ei flaske kan vare.

 

PerfectO2, kort brukarrettleiing (oksygenkonsentratoren)

PerfectO2, brukarrettleiing (oksygenkonsentratoren) (norsk side 99 -132)

PerfectO2, “Homefill” II, brukarmanual, kort (flaskefyllar/kompressor)

PerfectO2, “Homefill” II, brukarmanual  (flaskefyllar/kompressor)

 

Leverandør: Invacare

Brukaropplæring, videoar :

Flasketype

1,1 m/Spareventil, 1,7l m/spareventil, 1,7l m/ventil for kontinuerleg flow

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bare innloggede kunder som har kjøpt dette produktet kan legge igjen en omtale.