Insulinpumpe Medtronic Minimed 780G

kr0.00

Leverandør : Medtronic

Varenummer: 12318 (Lev.nr.: BNNO7800000000) Kategori:

Denne insulinpumpa erstattar Medtronic 670G-pumpa.  Modellbytte gjeld berre nye pasientar.  670G-pumpa vil for eksisterande brukarar framleis vere i drift m/tilhøyrande forbruksmateriell.

  • Minimed 780G kan brukast av pasientar mellom 7 og 80 år med diabetes type 1, som brukar dagleg basaldose på 8 einingar eller meir.
  • Blodsukkeret må sjekkast manuelt minimum 4 gongar kvar dag (minimum kvar 6 – 12 time), for kalibrering av sensor.

Utgreiing om produktet

Brukarmanual

 

Eigenskapar

MiniMed 780G kan dosere basalinsulin automatisk, som MiniMed 670G.  Pumpa tek imot glukoseverdiar frå sensoren kvart femte minutt, og på bakgrunn av glukoseverdi, stigningstal og aktivt insulin reknar pumpa kontinuerleg ut den mest egna basaldosen.

I MiniMed 780 G er det mogleg å velje mellom 3 predefinerte mål.

Minimed 780G har høve til bluetooth-kommunikasjon for overføring av data til mobiltelefon (eit utval varaianter av mobilar er stetta).

Systemet har “følgjefunksjon” som kan styrast via app på telefonen, slik at t.d. famililemedlemar kan følgje med på sensorglukoseverdiar, og har høve til å stille inn varslar i app for høge og låge verdiar.

Dersom pasienten aksepterer det, kan data overførast frå app’en til Carelink personal, og gjerast tilgjengeleg for diabetes-team på sjukehus som brukar CareLink System.

 

Forbruksmateriellet vil elles vere det same som MiniMed 670G (Guardian sensor, reservoar og dei ulike slangesetta til Medtronic).

Pumpa brukar Alkaliske batteri, type AA.

Pumpa blir levert med :

  • Guardian Link 3 BLE sendar med tilhøyrande sensorar (ein oppgradert Guardian 3-sendar i forhold til den som blir brukt saman med 670G-pumpa)
  • Roche Accu-Chek  Guide-Link blodsukkermålar, for kalibrering av CGM-sensorar.
  • Tilpassa infusjonssett/nål, og appliseringsverkty for setta

Sender: Guardian Link 3 BLE, varer minst 1 år, ladast opp i h.h.t. instruks i brukarmanual.

Sensor: Guardian 3 , varer i 7 dg, 5 stk i pakken (same sensor som blei brukt saman med 670-g-pumpa sin Guardian Link sendar)

Reservoar: 1,8 ml  og 3,0 ml

 

Merk: Medtronic insulinpumper har ikkje støtte for bruk av Diasend (Programvaren ein har rammeavtale for bruk av i Helse Vest for analyse av bruk av insulinutstyr.  Medtronic gjer bruk av eige proprietært programvaresystem : Medtronic Carelink system, som er ei tilsvarande løysing til Diasend, men som ikkje kan levere data til Diasend. 

Det pågår no arbeid med klargjering med siktemål å få i drift Carelink System og Diasend i Helse Vest. Dette omfattar gjennomføring av ROS-analyse, og etablering av databehandlaravtale.

Du liker kanskje også…