Insulinpumpe Tandem t:slim X2

kr0.00

Erstatningspumpe for Animas Vibe.

Varenummer: T34iii-2 Kategori:

Insulinpumpa har eit oppladbart Litium-batteri, som skal kunne funger i 4 – 7 dagar etter full opplading.  Det som påverkar batteritida ut over normal pumpedrift, er kor ofte ein gjer bruk av displayet (menyane) på pumpa, kor lenge displayet står på kvar gong («display-tid»), og frekvens når det gjeld påminningar, varslar og alarmar.

  • Blir levert med :Reservoar og verktøy for å ta dette ut, bæresystem, straumadapter vanleg og til bil, lokk til adapterplugg, skjermbeskytting, USB kabel
  • Infusjonssett: t:lock finst i ulike lengdar på slangane , storleik og vinkel på nål
  • Reservoar for insulin som settast inn i pumpa
  • Sendar: CGM Dexcom G6 ,varer i 3 – 6 mnd
  • Sensor: Dexcom G6  varer i 10 dagar, 3 stk i pakken

Leverandøren sine sider

Brukarrettelingar:

Basal-IQ

Basal-IQ-funksjonen gjer det mogleg for insulinpumpa å forutsjå blodsukkernivået 30 minutt fram i tid.  Dersom pumpa forventar at blodsukkernivået vil kome til å synke under 4,4 mmol/l, eller dersom sensorverdien er 3,9 mmol/l eller lågare, pausar pumpa basaldoseringa.  Doseringa tek til igjen så snart blodsukkernivået stig igjen.

For å kunne gjere bruk av den nyare funksjonaliteten Basal-IQ på Tandem Insulinpumpe, må pumpa oppgraderast med ny programvare, og ein må bruke Dexcom G6 sender og sensor – kalibreringsfri sensor.

Control-IQ

Control-IQ-funksjonen gjer det mogleg for insulinpumpa å justere insulindosar basert på målt CGM-verdi.

Control-IQ programvare må installerast i pumpa som Basal-IQ.

Dette gjer Tandem insulinpumpa ti eit såkalla «closed loop»-system.

Control-IQ kan berre installerast på insulinpumper som allereie er oppgradert med Basal-IQ.

– Oppgradering av programvare

Helseføretaket tek kontakt med alle brukarar av Tandem insulinpumpe for å gjere avtale om mogleg overgang til bruk av Tandem insulinpumpe  med Dexcom G6 og bruk av Basal-IQ eller/og Control-IQ.

Helseføretaket skaffar nødvendig kode for å kunne gjennomføre programvareoppgraderingar.

Oppgraderinga krev bruk av Dexcom G6 CGM sendar/sensor.

  • Sendar: CGM Dexcom G6 ,varer i minimum 3 mnd, og skal først skiftast når sender meldar frå om at det er tid for skifte
  • Sensor: Dexcom G6  varer i 10 dg, 3 stk i pakken

Lagring av måledata

For sentral lagring av blodsukker- og vevsglukosemålingar frå insulinpumpa, og høve til utveksling av data med helseføretaket, sjå Oppkopling til Diasend personal (s 5 – 8, samt  side 17)-

– Om diasend.

 

Du liker kanskje også…