Sensor Dexcom G6 med appliseringsverktøy inserter (Tandem)

kr0.00

3 sensorar pr pk.

Varenummer: 11961 ( Lev.nr.: STS-GS-003) Kategori:

Godkjent for bruk av pasientar frå 2 år og oppover.

Kalibrering

Kalibrering av sensor er ikkje nødvendig når «koden» sensoren er merka med er skriven inn i pumpa (del av oppstartprosedyre for kvar ny sensor).

Men, dersom du meiner opplevde symptom ikkje stemmer med målingar og glukosevarslane, bør du kontrollerer verdiane dine ved bruk av blodsukkermålar.

Allergiproblematikk

Enkelte pasientar kan få allergiske reaksjonar på limen som er brukt på sensorplasteret – som på alle andre plaster/lim-variantar.  Dexcom kjem med slike tilrådingar om tiltak dersom ein får allergisk reaksjon.

Enkelte av våre pasientar brukar berieresprayen Trio Elisse for å unngå allergiproblematikk.

Generell informasjon

Leverandøren si nettside

Applikator med innebygd sensor :

  • Sensorapplikator brukast til å sette inn sensor under huda di  (Instruksjonsvideo)
  • Sensor gir glukoseinformasjon  som sendast via sendar til insulinpumpa

Levetid

  • Sensor levetid : Sensor er garantert å fungere etter sine spesifikasjonar i 10 dagar
  • Sendar levetid : skal fungere i minimum 3 månader.

 

For nærare informasjon om bruk av sensor, Basal-IQ og Control-IQ, sjå informasjon knytt til Tandem insulinpumpe

 

Pakkelappen har slik informasjon :

  • Produsenten sin artikkel-identifikasjon REF : STS-GS-003
  • Batchnummer/Lot : 5264072 – nummer på produksjonssyklus
  • Produksjonsdato 2019-11-02 (2. november)
  • Siste bruksdato (oppstartsdato) 2020-11-01.  Sensoren bør ikkje brukast etter angitt dato på pakka.

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bare innloggede kunder som har kjøpt dette produktet kan legge igjen en omtale.

Du liker kanskje også…