Respirator

Respirator er ei maskin for kunstig åndedrett. Dei vanlegaste respiratorane er overtrykksrespiratorar (overtrykksventilasjon) som bles luft inn i lungene, enten med ein frekvens bestesmt på førehand (kontrollert ventilasjon) eller berre når pasienten sjølv prøver å puste inn (assistert ventilasjon). Kvar innblåsning blir avbrutt av ein utåndingsperiode, slik at lungene kan tømme seg før neste innblåsning.