Smittevern, hygiene, desinfeksjon og sterilisering

I samband med Covid-19-pandemien har smittevern, hygiene, og desinfeksjon fått eit sterkare fokus i media og allmenta.  Men ein opplever at det er noko varierande kunnskap om omgrepa som er i bruk, kva som er rett desinfeksjonsmidel å bruke i ulike samanhengar, og kvifor tilrådingane er som dei er.


Nokre forklaringar av brukte omgrep

Hygiene er eit samleomgrep, som omfattar helsefremjande arbeid som kan hindre smitte og førebyggje sjukdom.  God/rett handvask  er saman med korrekt desinfeksjon dei viktigaste tiltaka ein kan gjere bruk av for å sikre god hygiene og førebyggje smitte.

Desinfeksjon skal uskadeleggjere virus og bakteriar, fjerne eller redusere mengda sjukdomsfremkallande (patogene) organismar til eit akseptabelt nivå. 

Desinfeksjon må ikkje forvekslast med sterilisering som inneber absolutt fjerning av alle formar for liv.


Reinhald av medisinsk teknisk utstyr og fleirgongsmateriell

Når det gjeld reinhald/hygiene av plastartiklar som høyrer til medisinsk teknisk utstyr utlånt frå helseføretaket (t.d. munnstykke og masker til inhalasjonsapparat og liknande) – skal ein følgje fabrikantane sine tilrådingar slik dei er sette opp i brukarrettleingane for utstyret.

Ulike plastmaterialer i/på utstyr kan reagere ulikt på desinfeksjonsmiddel. Det er difor viktig at rett desinfeksjonsmiddel blir brukt slik at ikkje utstyret blir øydelagd.

Ofte, er det desinfeksjon ved bruk av fuktig varme med temperatur på meir enn 85 gradar C i 5 – 10 minutt som er aktuell framgangsmåte.  Dette er ein enkel form for desinfeksjon som kan gjerast heime på kjøkkenet.

Metoden er slik :

  • Vask artiklane så godt rå er i såpevatn.
  • Deretter koke opp vatn i ein kjele, og putt artiklane i kjelen først når vatnet er kokande, og la dei ligge i vatnet i 10 minutt. (Dersom utstyr blir lagt i kjelen under oppvaring, er det fare for at dei kan bli liggjande i botnen av kjelen, og kan bli smelta/øydelagd under oppvarminga)
  • «fisk» artiklane opp av vatnet, og la dei lufttørke.


Desinfeksjon, bruksområde

Det er forskjell på produkta som er egna for h.h.v. :

  • Handdesinfeksjon (85% etanol, t.d. Antibac m/glyserol for hudpleie)
  • Overflatedesinfeksjon, av bordflater og benkar (75% etanol, t.d. Antibac, bord, dørhandtak, utstyr og flater etc.)
  • Hudbehandling før medisinsk behandling, som td. Injeksjonar og punksjonar (Klorhexidinsprit)
  • Desinfeksjon av sår og slimhinner (Klorhexidin)

Og det er forskjell på klorleis ulike produkt best kan bli brukt på dei ulike bruksområda for optimalt desinfiserade resultat.  Nøkkelpunkt for bruk er virketid, og lufttørking/avdamping, og for Antibac tilrår fabrikanten :

  • Handdesinfeksjon : Fordel nok desinfeksjonsmiddel (3ml) over heile handa slik at huda er dekt med desinfeksjonsmidel i 30 sekund.
  • Overflatedesinfeksjon : fukt overflata med desinfeksjonsmiddel, og la lufttørke i minst 60 sekund.

Handdesinfeksjon med glyserol er ikkje egna for desinfeksjon av overflater som benkar og bord, då glyserolen i handdesinfeksjonsmiddelet kan danne ei hinne på overflata som kan gje grobotn for bakteriar og sopp.


Teroriane bak


75% eller 85% Etanol ?

Ein kan stusse over anbefalinga om 85% Etanol for handdesinfeksjon og 75% for overflatedesinfeksjon.

Alkohol med konsentrasjon > 70% har vist gode desinfiserande eigenskapar når det gjeld bakteriar, sopp og mange virus, og i aukande grad breispektra verknad overfor virus ved aukande konsentrasjon av alkohol – men likevel innan visse grenser.

FHI seier : «Alkoholers denaturerende effekt er mer effektiv ved nærvær av vann. Den antimikrobielle effekten reduseres derfor når alkoholprosenten stiger for høyt. Hvor skillet går for når effekten avtar er omdiskutert, men antas å ligge mellom 80 og 95 prosent. Optimal antimikrobiologisk effekt på alkoholholdig hånddesinfeksjon variere etter produktsammensetning og produkttype.

Ved samme konsentrasjon har isopropanol bedre effekt enn etanol mot de fleste bakterier, mens etanol har en mer bredspektret effekt mot virus. Etanol er mindre irriterende for hud, øyne og slimhinner og kan derfor være å foretrekke som hovedkomponent i hånddesinfeksjonsmidler, med alkoholkonsentrasjon mellom 70-90 prosent v/v».

Ein forstår det difor slik at produkt med Etanolkonsentrasjon på > 70 % effektivt dreper bakteriar, ulike virus og sopp, og med fordel kan brukast på reingjorte og tørre overflater, som inventar – bordflater og liknande – der .

70 % Etanol har ein og tidlegare også brukt til  «handsprit», inntil studiar har vist at ein ved å auke %-del Etanol på handsprit opptil 85% kan få ein aukande effekt på virus som t.d Norovirus – som står for meir enn 50% av alle utbrot med mage- og tarminfeksjon på verdsbasis. Sidan Norovirus særleg blir overført frå person til person direkte eller indirekte, er det eit poeng at ein i handdesinfeksjonsmiddel tek høgde for også å kunne handtere noroviruset ved å auke Etanolprosenten til 85%.


Standardarar produsentane skal stette

Det er etablert internasjonale standardar for handhygiene som produkta i marknaden skal tilfredstille. Standardene skisserer testregimer/prøvingsmetodar – ikkje direkte kjemisk samansetning av produkt. Dei mest sentrale standardane er :

  • EN  1500 : Kjemiske desinfeksjonsmidler og antiseptika – Hygienisk hånddesinfeksjon – Prøvingsmetoder og krav
  • EN 13727 : Kjemiske desinfeksjonsmidler og antiseptiske midler – Kvantitativ suspensjonstest for evaluering av bakteriedrepende aktivitet i det medisinske området – Prøvingsmetode og krav
  • EN 13624 Kjemiske desinfeksjonsmidler og antiseptika – Kvantitativ suspensjonsprøving for evaluering av fungicidaktivitet eller gjæringsaktivitet til medisinsk bruk – Prøvingsmetode og krav
  • EN 14348 Kjemiske desinfeksjonsmidler og antiseptika – Kvantitativ suspensjonsprøving for bestemmelse av mykobaktericid-aktivitet av kjemiske desinfeksjonsmidler på det medisinske området, inkludert instrumentdesinfeksjonsmidler – Prøvingsmetoder og krav
  • EN 14476 Kjemiske desinfeksjonsmidler og antiseptika – Kvantitativ suspensjonsprøving for evaluering av virusaktivitet på det medisinske området – Prøvingsmetode og krav

Produkta i marknaden skal tilfredstille krava i gjeldande standardar, og samtidig vere produkt som er «tenlege å bruke».

Fabrikantane har tilrådingar på forpakninga av sine produkt om bruken av dei.

Dersom ein får foreskrive produkt frå lege, skal ein likevel følgje legen si tilråding om bruk – ikkje fabrikantens.


Handhygiene – 85% Etanol

Fakta:

Folkehelseinstituttet  produkter for handdesinfeksjon

Handdesinfisering, prosedyre


Oveflatedesinfeksjon – 75% Etanol

Fakta :


Desinfeksjon som del av den medisinske behandlinga – med referanse til Felleskatalogen

Huddesinfeksjon – Klorhexidinsprit

Klorhexidinsprit er aktuelt å bruke før injeksjonar, punksjon, prøvetaking og operative inngrep.

Desinfeksjon av sår og slimhinner – Klorhexidin

I sår og slimhinner er det ikkje ønskjeleg å bruke sprithaldig væske, og dessutan svært ubehageleg.

I staden brukar ein Klorhexidin utan sprittilsetting for desinfisering av sår og slimhinner..