Telemedisin, plattformar

Når det er snakk om telemedisin, tenkar ein vanlegvis på videokommunikasjon/videokonferanse – videosamtale.

P.t. kan ein gjennomføre videosamtale mellom videostudio, PC, mobil og nettbrett. 

Det er no lagt til rette for bruk av videosamtale ved bruk av vanlege nettlesarar (Edge, Chrome, Opera, Safari)

Men – det er eit forhold ein aldri må gløyme : sjølv om videokommunikasjon er mogleg på mange ulike plattformar, er det ikkje sjølvsagt at biletkvaliteten vil vere like god på alle plattformar.  Dersom biletkvalitet er svært viktig, bør ein gjere bruk av høgkvalitets videostudio, eller dei heilt siste modellane av mobiltelefon, og passe på gode lysforhold.

Svært ofte er ikkje biletkvaliteten, (t.d. 100% korrekte fragar) avgjerande i ein videosamtale, slik at bruk av «enklare» utstyr kan vere heilt OK å bruke.

Sjå elles eige innlegg om nokre aktuelle områder for bruk av telemedisin og andre formar for medisinsk avstandsoppfølging som og telemedisin-omgrepet femnar om.