Nokre døme på bruk av telemedisin
Nokre døme på bruk av videokommunikasjon:
- Ved Medisinsk heimebehandling er vi no i gang med transport av dialysevæske til heimedialysepasientane i Sogn og Fjordane, og vi tenker framover å ha oss nettbrett i bilen, slik at det skal være mogleg å etablere videokonsultasjon mellom pasient og t.d. dialyseavdelinga – om det skulle vere trong for det – medan vi er tilstades heime hos pasienten. Same praksis ønskjer ein å etablere for andre heimepasientar vi besøker.
- Ein kan generelt sjå føre seg at poliklinikkbesøk nr 2 o.s.b. – når dette berre er ein kontroll/samtale kan gjennomførast via videokommunikasjon. T.d. oppfølging av ortopediske pasientar, der ein skal samtale om og vise førlegheit.
- Andre føretak har etablert videokommunikasjon mot sine ALS-pasientar, for å få ei tettare oppfølging av pasient, pårørande og helsearbeidarar.
- Ein kan sjå føre seg at det kan vere aktuelt å etablere høve til videokonsultasjonar ved fastlegekontor og helseinstitusjonar, slik at det kan vere helsepersonell til stades for å hjelpe pasientar med å få satt opp kommunikasjon mot t.d. Førde sentralsjukehus. Få ned reiseutgifter for Helse Førde og reisetid for pasientane.
Nokre døme på andre formar for telemedisin, dei meir proprietære løysingane :
- Avlesing av bruk og effekt av CPAP. CPAPar kan utrustast med SIM-kort, slik at dei kan kommunisere over telenettet – mot eigen programvare i Helse Førde, som gjer det mogleg å lese av korleis maskina har fungert sist natt, siste veke osb. (I dag er denne informasjonen berre tilgjengeleg ved at pasienten tek med seg maskina til eit poliklinisk besøk, og får minnekortet avlest. Løysinga krev eige CPAP-programvare i vårt datanett.
- Det finst løysingar for avlesing av bruk av insulinpumper (Diasend), som fortel nok om korleis pasienten har det og korleis behandlinga fungerer. Dette er i dag i bruk ved Med.pol., men ein kunne i prinsippet tenkt seg å bruke løysinga heimanfrå – slik at oppfølging av pasienten kunne skje utan nødvendigvis eit poliklinisk besøk. Samstundes kan det vere andre forhold som gjer besøk ved poliklinikken nødvendig.
- Oppfølging av KOLS-pasientar – og andre pasientgrupper ved bruk sentral for avstandsoppfølging – døme Telma.
Lege sett opp ein «score-verdi» for pasienten som er basert på fysiologiske målingar pasienten sjølv gjer heime, og resultat av spesialutvikla eigenevalueringsmetodikk pasienten sjølv følgjer opp. Det blir etablert regime der pasienten ved «faste» tidspunkt meldar inn målingar og eigenevaluering via nettbrett. MTU kommuniserer med nettbrettet via Bluetooth. Ein responssentral med helsepersonell sitt å følgjer med på resultata, og tek kontakt med pasienten dersom grenseverdiar blir nådd. Kontakten kan skje ved videokommunikasjon via nettbrett
Ein kan sjå føre seg bruk av løysinga i samhandling mellom kommunane i Sogn og Fjordane og Helse Førde – t.d. ved igangsetting av heimebehandlingstiltak – der ansvaret for pasienten gradvis blir overført til kommunane.
For ein slik type løyysing er det viktig å etablere tydelege samhandlingsrutinar mellom helseføretak og alle aktuelle kommunar – ansvarsavklaring når det gjeld oppfølging av våre felles pasientar.
Det er truleg heimetenesta i kommunane som vil ha den største nytta av medisinsk avstandsoppfølging via «responssenter». Det er likevel viktig at Helse Førde er med i dialogen om kva type system som skal på plass – for å sikre at det medisinsk tekniske utstyret Helse Førde lånar ut kan kommunisere med systema som blir sett opp.