Tidleg planlegging for medisinsk heimebehandling, behandlingshjelpemiddel

Aktuell Referanse til EK-handboka:

Opplegg for medisinsk heimebehandling bør vere klart for pasienten straks etter heimkomst. Det krev planlegging å få dette til.

For å unngå stressituasjonar i utskrivingsfasen, er det viktig at behovet for behandlingshjelpemiddel blir vurdert så tidleg som mogleg, og at det snarast blir sett opp søknad om tiltak – når pasienten sin tilstand krev det.

Ideelt sett bør ein allereie ved innskriving av pasienten vurdere behovet for behandlingshjelpemiddel. Det er oftast gitt av pasienten sin diagnose kva type tiltak pasienten vil få behov for.

Det å setje i verk eit behandlingshjelpemiddeltiltak kan ta noko tid, og særleg om utstyr må bestillast frå ekstern leverandør.

Vi har og erfaring for at leveransar via Posten / Bring frå tid til annan tek lengre tid enn planlagt.

  • Ein må pårekne 7 – 10 dagars leveringstid for utstyr og forbruksmateriell.

Dette betyr at ein ved heimsending av pasienten må syte for at pasienten får med seg tilstrekkeleg forbruksmateriell frå avdelinga for oppfølging av den medisinske heimebehandlinga – i påvente av oversending av nytt forbruksmateriell frå Seksjon for Medisinsk heimebehandling.

Det er og viktig at pasienten som ein del av opplæringsopplegget knyta til behandlingshjelpemiddeltiltaket blir informert om ansvaret pasienten sjølv har for å etterbestille forbruksmateriell ved behov. Sjå pasienten sitt ansvar.

Samhandling med primærhelsetenesta, pleie og omsorgsplan (PLO)

Det er etablert gode rutinar for samhandling mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta ved bruk ulike formar PLO meldingsformidling. Medisinsk heimebehandling i form av behandlingshjelpemiddel er ikkje særskildt nemnt, men behov for behandlingshjelpemiddel er noko det vil vere naturleg å bruke ei PLO-tidlegmelding til å informere om.