Eit spesialtilfelle : Laryngsopererte “strupehodeopererte”
Medisinsk forbruksmateriell knyta til behandling/etterbehandling av strupehodeopererte dekkast ikkje av behandlingshjelpemiddelordninga, men over blåresept – ref. HOD-skriv.
Helfo har eigne varelister med medisinsk forbruksmateriell til laryngotomerte med oversikt over kva som blir dekka.
Strupehodeopererte pasientar kan ha problem knyta til slimproduksjon, og kan ha trong for slimmobiliserande hjelpemiddel. Dette blir dekka av BHM-ordninga – saman med inhalasjonsapparat om det er trong for det.
BHM-ordninga skal dekke kostnadar til taleventil dersom dette er aktuelt.
Det er svært få pasientar som blir strupehodeopererte. Helse Bergen har difor eit særleg ansvar for oppfølging av denne pasientgruppa på vestlandet, og har tilsett eigen koordinator for dette arbeidet – m.a. som kontaktperson for helsepersonell utanfor Helse Bergen.