Før ein kan gå i gang med ein videosamtale via nettlesar på PC, mobil eller nettbrett, må ein gjere avtale om kven ein ønskjer å snakke med, når samtalen skal finne stad, og kva møterom ein skal bruke (“kor ein skal møtast”).
– Bruk av videosamtale er heilt frivillig.
– Videosamtalar kan ein gjennomføre via nettlesarane Edge, Chrome, Opera og Safari (iPhone, iPad).
Dersom du tek i bruk denne løysinga forstår vi det slik at du aksepterer Norsk Helsenett sin personvernerklæring – knytt til drift av tenesta, og at du samtykker til bruk av videosamtale som kommunikasjonskanal knyta til di medisinske heimebehandling.
Avtale om videosamtale kan ein gjere direkte med helsepersonell i Helse Førde, eller via det ambulante MEDHB-teamet som kjem heim til deg på besøk. Ambulant MEDHB-team kan bistå med å få etablert videosamtalen mellom heimepasient og klinisk personale i helseføretaket eller primærhelsetenesta.
- Ved å trykke på ein av møteromsknappane under, får ein tilgang til eit elektronisk møterom – eit virtuelt møterom for gjennomføring av videosamtale.
- Alle som skal delta i videosamtalen må ringe inn til/koble seg opp mot det same møterommet. Dette må avtalast på førehand.
- Det er berre tilsette i Helseføretaket som kan vere “vertar” for videosamtala, og styre videomøtet. Alle andre er “deltakarar”.
- Den som styrer videomøtet er ansvarleg for å “låse rommet” når alle har kopla seg på, og før samtalen startar.
Merk:
- Bruk av sjølve løysinga er “gratis”, men kostnadar for bruk av datanette/telenett må ein koste sjølv.
Kopl opp til møterom som “Deltakar” – når det er gjort avtale med “vert”:
2-parts møterom
4-parts møterom
Dersom du har problem :
- Dersom du ikkje får kontakt med kamera/høgtalar eller mikrofon når videoprogramvaren blir starta, trykk på “hengelåsen” i adresselinja i nettlesar, og sjekk at Paxip (join.NHN.no) har lov til å bruke både kamera og mikrofon på din PC.