Videodialog mellom helsepersonell

Før ein kan gå i gang med ein videosamtale via nettlesar på PC, mobil eller nettbrett, må ein gjere avtale om kven ein ønskjer å snakke med, når samtalen skal finne stad, og kva møterom ein skal bruke (“kor ein skal møtast”).

– Videosamtalar kan ein gjennomføre via nettlesarane Edge, Chrome, Opera og Safari (iPhone, iPad).

Dersom du tek i bruk denne løysinga forstår vi det slik at du aksepterer Norsk Helsenett sin personvernerklæring – knytt til drift av tenesta, og at du samtykker til bruk av videosamtale som kommunikasjonskanal knyta til di medisinske heimebehandling.

  • Ved å trykke på ein av møteromsknappane under, får ein tilgang til eit elektronisk møterom – eit virtuelt møterom – for gjennomføring av videosamtale.
  • Alle som skal delta i videosamtalen må ringe inn til/koble seg opp mot det same møterommet. Dette må avtalast på førehand.
  • Det er berre tilsette i Helseføretaket som kan vere “vert” for videosamtale, og styre bruken av møterommet. Alle andre er “deltakarar” – som ved pålogging blir gitt tilgang til møterommet av verten.
  • Den som styrer videosamtalen er ansvarleg for å “låse opp rommet” slik at dei som skal delta kjem inn, og “låse rommet” så lenge videosamtalen pågår, slik at konfidensialiteten blir ivareteke når alle har kopla seg på – og til slutt kople videosamtalen ned slik at møterommet blir tilgjengelig for andre.


Kopl opp til møterom som “Deltakar” – når det er gjort avtale med “vert”:

2-parts møterom

4-parts møterom

Dersom du har problem :

  • Dersom du ikkje får kontakt med kamera/høgtalar eller mikrofon når videoprogramvaren blir starta, trykk på “hengelåsen” i adresselinja i nettlesar, og sjekk at Paxip (join.NHN.no) har lov til å bruke både kamera og mikrofon på din PC/mobiltelefonen/nettbrettet du bruker.