Sosial/planlegging av utskriving

Det er viktig at planlegging av medisinsk heimetiltak t.d. i form av behandlingshjelpemiddel skjer i god tid før pasienten skal skrivast ut.  Dette er beste måten å sikre at behandlinga kjem godt i gang, og at pasienten får optimal nytte av behandlinga.

Under dette punktet kjem vurdering av om noko må tilrettelegast i heimen før eit medisinsk heimebehandlingstiltak blir sett i drift.

Sentrale punkt kan vere :

  • Dersom utstyret støyar (t.d. oksygenkonsentratorar), er det høve til å plassere utstyret unna opphaldsrom ?
  • Korleis er føringsveiene for eventuelle slangar (t.d. oksygenslangar).  Må det gjerast tiltak for å hindre at noko kjem i klem ?
  • Er det trapper i huset, som kan utgjere i utfordring ved frak av utstyr eller materiell ?
  • Vil pasienten berre ha ein behandlingsplass, eller kan det vere aktuelt å leggje til rette for medisinsk behandling i barnehage, skule, fritidsordning, heime hos mor, heime hos far, pleieheim o.s.b.
  • Vil den medisinske behandlinga krevje stor plass i bustaden – er det plass ?  Dette kan t.d. vere ei problemstilling ved igangsetting av heimedialyse, der det for enkelte pasientar kan vere snakk om særs store mengder med væsker og medisinsk forbruksmateriell.

“Geografi” og kommunikasjon:

  • Kva type bustad bor pasienten i, om det er lett tilkomst til hus/leilighet ?
  • Kor finst bustaden, er den i sentral tettstadområde, eller for seg sjølv (t.d. på øy) ?
  • Er det god dekning når det gjeld telekommunikasjon om internett ?