Kven vi er
Vår nettstadsadresse er: https://medhb.no,
Nettstaden blir drifta via Serit Fjordane IT i Bluefjords datasenter
GDPR kompatibilitet
Hovudelementa knyta til GDPR-kompatibilitet :
- Denne Personvernerklæringa som gjer greie for kva personopplysningar som blir lagra, og korleis dei blir brukt
- Høve for brukarar til å få eksportert eller sletta sine data
- Informere om korleis informasjonskapslar (cookies) blir brukt
- Bruk av samtykke-avkryssingsboksar ved innskriving av informasjon og bestilling av varer
- Sjekke at alle brukte programvare-tilleggsfunksjonar i løysinga er GDPR-kompatible
- Informere om at data ikkje blir delt med tredjepart.
Teknisk tryggleik
Serit Fjordane IT tek backup av nettstaden dagleg. Dette omfattar både sjølve applikasjonen og alle registrerte data.
Kva personopplysningar vi samlar inn og kvifor vi samler dei inn
løysinga samlar informasjon i form av namn, adresse, mailadresse og telefonnummer – for å kunne følgje opp bestilling og levering av varer.
Dersom ein vel å bestille varer via nettbutikken løysinga rommar, skal ein vere klar over at dei bestilte varene kan fortelje noko om din helsetilstand.
Dersom ein ikkje er komfortabel med dette, er det høve til å gjere dei same bestillingane via vår ordretelefon:
57 83 15 39
Nettstaden lagrar dine bestillingar/ordrar slik at dei kan vere tilgjengeleg som mal ved neste bestilling.
Det blir ikkje lagra informasjon om personar som berre besøker nettstaden utan å logge seg inn.
Kommentarar
En må vere innlogga for å kunne skrive ein kommentar.
Når besøkande legg inn kommentarar på sida, blir informasjonen i kommentarskjemaet i tillegg til IP-adressa til den besøkande og den besøkande sin nettleserversjon lagra. Dette gjer vi for å bidra til å unngå useriøse kommentarar.
Ein anonym tekststreng generert på grunnlag av e-postadressa di (også kalla ein «hash») kan bli sendt til tenesten Gravatar for å undersøke om du har ein konto der. Personvernerklæringa til Gravatar ligg her: https://automattic.com/privacy/. Etter at kommtentaren din er blitt godkjent, vil profilbildet dersom dette finst ditt vere synleg for alle i saman med kommentaren din.
Media
Dersom du lastar opp bilete til nettstaden, bør du unngå å laste opp bilete som inneheld informasjon om staden det er teken (EXIF GPS). Besøkande på sida kan laste ned og hente ut slik informasjon fra bilete på sida.
Kontakt med oss
Har du spørsmål til oss eller ønskjer å få ut informajson om dataene vi har lagra om deg, så ta kontakt med oss via mailadresse:
kontaktoss@medhb.no
Informasjonskapslar
Dersom du legg inn ein kommentar på denne nettstaden, kan du be oss om å hugse namn, e-post og nettstad. Denne informasjonen blir lagra i ein informasjonskapsel og er der for å gjere ting enklare for deg. Du trenger da ikkje å taste inn denne informasjonen på nytt neste gong du legg inn ein kommentar. Desse informasjonskapslane utløper etter eit år.
Dersom du har ein konto og loggar deg inn på denne nettstaden, vil vi opprette ein midlertidig informasjonskapsel for å avgjere om nettlesaren din støttar bruk av dette. Denne informasjonskapselen innheld ingen personopplysningar og forsvinn så snart du lukkar nettlesaren din.
Når du loggar deg inn, blir det oppretta informasjonskapslar som lagrar innloggingsinformasjonen din og val du har teke når det gjeld korleis innhald skal visast. Informasjonskapslar med innloggingsinformasjon utløper etter to dagar, medan dei med visningsval varer i eit år. Dersom du kryssar av for “Hugs meg”, vil innloggingsinformasjonen din bli lagra i to veker. Dersom du loggar deg ut av kontoen din, vil disse informasjonskapslene forsvinne.
Dersom du redigerar eller publiserar ein artikkel, vil ytterlegare ein informasjonskapsel bli lagra i nettlesaren din. Denne informasjonskapselen inneheld ingen personopplysningar, berre ID-en til artikkelen du nettopp redigerte. Den utløper etter ein dag.
Innebygd innhald frå andre nettstader
Artiklar på denne sida kan inkludere innebygd innhald (t.d.. videoar, bilete, artiklar osb.). Innebygd innhald frå andre nettstader oppførar seg på nøyaktig same måte som om den besøkande hadde besøkt nettstaden som det innebygde innhaldet kjem frå.
Desse nettstadene kan samle inn opplysninger om deg, bruke informasjonskapslar, bygge inn sporingssystem frå tredjepartar og overvåke kva du gjer via dette innebygde innhaldet. Dette omfatter og sporing av handlingane dine via det innebygde innhaldet dersom du har ein konto og er logget inn på nettstaden.
Dersom du ikkje ønskjer at informasjonskapsla skal bli brukt, kan du styre dette via nettlesaren din. Utelukking av bruk av kapslar kan føre til at enkelte funksonar på denne nettstaden ikkje fungerer.
Analyse
Ingen eksterne analyseverktøy er installert.
Kven vi delar dine opplysninger med
Ingen.
Ingen betalingstenester er aktivert.
Kor lenge vi lagrar opplysningar om deg
Dersom du legg igjen ein kommentar, blir kommentaren og informasjon om kommentaren lagra på ubestemt tid. Dette er for at vi kan gjenkjenne oppfølgingskommentarar og godkjenne dei automatisk i staden for å leggje dei i ein kø der dei må godkjennast manuelt av ein redaktør.
For brukarar som registrerar seg på denne nettstaden, blir det lagra personopplysningar oppgitt i brukarprofilen. Alle brukarar kan sjå, redigere og slette sine eigne personopplysninger når som helst (bortsett fra brukernavn). Nettstaden sin administrator kan også sjå og redigere denne informasjonen.
- Bestillingar med fullført leveranse blir lagra i 24 månader.
- Inaktive brukarkontoar blir lagra i 12 månader.
- Kanselerte bestillingar og bestillingar på vent blir lagra i 30 dagar.
Rettane dine når det gjeld opplysningar vi har om deg
Dersom du har ein konto på denne nettstaden eller har lagt igjen kommentarar, kan du be om å få ein eksportfil som inneheld personopplysningane vi har om deg. Dette omfatter alle data du har gitt oss.
Du kan og be om at vi slettar alle personopplysningane vi har om deg. Dette omfattar ikkje opplysningar vi er pålagt å lagre av administrative, juridiske årsaker eller tryggleik.
Ver venleg å bruke dette skjemaet for å melde slike ønskje :
Kor vi sendar opplysningar om deg
Ingen stader.
Einaste unntaket er dei som skal frakter varer til deg, dei må få vite kva du heiter og kor du bur, og evt. annan relevant kopntaktinformasjon for å få varene levert.
Besøkande sine kommentarar kan bli kontrollert gjennom ein automatisk gjenkjenningsteneste mot søppelkommentarer (SPAM) og useriøst innhald. Denne tenesta jobbar lokalt, slik at dine data ikkje blir eksportet til tredjepart under denne sjekken.
Din kontaktinformasjon
Ved spørsmål om tryggleiken ved tenesta denne nettstaden representerar ber vi deg kontakte personvernombod i ditt helseføretak.
Tilleggsinformasjon
Denne nettstaden har ingen kommersielle føremål.
Dette er ein nettstad som har til føremål å gje informasjon om medisinsk heimebehandling, og vere eit verkty for bestilling av medisinsk utstyr for dei som er tildelt slikt via spesialisthelsetenesta.
Korleis vi tek vare på personopplysningane dine
Dine personopplysningar blir ikkje distribuert utanfor denne nettsida sine råmer, men blir brukt som grunnlag for oppsett av leveransar via sjukehuset sitt logistikksystem. Systema er ikkje integrerte dataløysingar.
Nettstaden brukar SSL protokoll for kryptert kommunikasjon mellom deg som brukar og nettstaden.
Våre rutiner for handtering av datalekkasjar
Dersom datalekkajsar skulle oppstå, er vi parat til å sende ut informasjon om dette innan 72 timar etter at feilen er oppdaga. Samstundes som ein vil arbeide for å finne årsaka til lekkasjen for å hindre gjenntaking.
Kva tredjepartar vi mottek opplysningar frå
Ingen.
Kva automatiske avgjerder som blir teken
Ingen.
Kva slags profilar som blir bygd på grunnlag av brukarane sine opplysningar.
Ingen.
Opplysningskrav frå bransjelovgivning.
Varer ein bestiller i nettbutikken kan gje informasjon om din helsetilstand, og såleis bli vurdert som “helseopplysningar”.
Vi meiner det må vere opp til den som bestiller varene å vurdere i kva grad dette inneberer ein risiko for den enkelte, og oppmoder dei som er i tvil om i staden å bruke vår ordretelefon for bestilling av varer.
Kva data vi samlar og lagrar
Når du besøker nettsida vår, samlar vi:
- Produkt du har sett: Vi brukar dette til t.d å vise deg produkt du nylig har sett
- Plassering, IP-adresse og nettlesertype: Kan brukast til formål som estimering av skatter og frakt (men er ein ikkje aktivert funksjon på denne nettstaden.)
- Fraktadresse: for å kunne vite kvar varene bestilt i nettbutikken skal sendast. (Fakturaadresse er berre med fordi den er ein del av den standard nettbutikken som er brukt. Faktura vil alltid vere på kr 0, og vil aldri bli sendt ut.)
- Når du bestiller varer frå oss, ber vi deg om å gi informasjon, inkludert navn, leveringsadresse, e-postadresse, telefonnummer. Vi treng denne informasjonen for å kunne vite kvar varene skal sendast., og for å kunne informere deg undervegs i leveransen korlangt leveringa er komen. Telefonnummer kan bli brukt av Bring for å varsledeg om at pakke er klar forhenting.
Vi bruker også informasjonskapslar for å:
- halde oversikt over innhaldet i handlekurven medan du surfer på nettstaden vår.
- Sende deg informasjon om din konto og bestilling
- Svare på dine forespørsler, og klager
- forhindre svindel
- Sett opp din konto for butikken vår
- For å forbetre våre butikktenester
Som hovudregel tek vi berre vare på opplysningar om deg så lenge vi treng dei til dei førmåla som opplysningene er samlet inn for, og vi ikkje lenger er lovpålagt å behalde dei.
Vi vil t.d. ta vare på ordreinformasjon i 24 månader slik at du skal ha tilgang til din historikk, m.a. som referanse ved neste ordre. Dette inkluderar namn og e-postadresse samt faktura- og leveringsadresse.
Medlemmar av vår stab t.d. Systemadministrator og Butikksjefar har tilgang til informasjonen du oppgir til oss.
Vi tek også vare på kommentarar og omtalar, dersom du vel å skrive dette.
Dersom du opprettar ein konto, lagrar vi ditt namn, adresse, e-post og telefonnummer, som vil bli brukt til å fylle ut adressefelta i leveringsdokumenta (t.d. postlappane).
Ordreinformasjon som blir lagra omfattar informasjon om kva som er kjøpt, når det blei kjøpt og kor det blei sendt.
Kundeopplysningar som t.d. namn, e-postadresse samt faktura- og leveringsadresse.
Vår stab har tilgang til denne informasjonen for å kunne hjelpe deg med gjennomføring av bastillinga av varer.
Kva vi deler med andre
- Vi delar ingen opplysningar med andre.
Installerte tillegg
Antispam Bee
Antispam Bee er ein programvare som sørgjer for å halde nettsida fri for automatisert annonsering og irrelevant informasjon.
Produsenten meldar:
“Antispam Bee is developed in Europe. You might have heard we can be a bit nitpicky over here when it comes to privacy. The plugin does not save private user data and is 100% compliant with GDPR.”
Really Simple SSL:
Really simple SSL er ein programvare som etablerar kryptert kommunikasjon mellom nettstaden og deg, slik at din aktivitet på nettstaden ikkje eksponert til omverda.
Produsenten meldar:
“Really Simple SSL and Really Simple SSL add-ons do not process any personal identifiable information, so the GDPR does not apply to these plugins or usage of these plugins on your website. You can find our privacy policy here.”