Om oss

Medisinsk heimebehandling og behandlingshjelpemiddelordninga

Seksjon for medisinsk heimebehandling har som hovudoppgåve å koordinere oppgåvene som må gjennomførast for å få iverksett medisinsk heimebehandling.  I hovudsak omfattar dette:

  • Koordinere og syte for oppstart av medisinsk heimebehandling, basert på søknadar som kjem inn – i dialog med helsepersonell i og utanfor føretaket, samt pasient og pårørande
  • levere medisinsk teknisk utstyr og medisinsk forbruksmateriell til pasientar
  • Teknisk vedlikehald og resirkulering av utstyret
  • Innhenting av utstyr ved avslutta heimebehandling
  • I alle punkt : oppfølging av gjeldande regelverk

Viser ellers til Nasjonal helse og sjukehusplan for perioden 2020 til 23, der medisinsk heimebehandling er eit sentralt moment saman med samhandling mellom spesialist og primærhelsetenesta. Vi ønskjer med vår organisering å leggje til rette for realisering av dette.

Ein kan skissere våre oppgåver og samarbeid i sjukehuset slik :

Fagansvaret/prosedyreansvaret for ulike behandlingshjelpemiddeltiltak er fordelt til avdelingar i sjukehuset som sit med særleg kompetanse innan eit fagområde. Dei som sit med eit særskilt fagansvar skal fylle rolla som ressursperson også for andre avdelingar i føretaket. Rolla dei skal ivareta er nedfelt i eige retningslinjer for fagansvarlege.

Seksjonen for Medisinsk heimebehandling har ikkje medisinsk ansvar, dette ligg i avdelinga som sett i verk medisinsk heimebehandling (pasientansvarleg avdeling).  Vår kjerneaktivitet er å registrere trongen for medisinsk utstyr og forbruksmateriell i vårt administrative system Medusa, og syte for at rett utstyr og materiell blir utsendt til pasientane.

Vi gjennomfører og opplæring i avdelingane i sjukehuset om behandlingshjelpemiddelordninga, og om korleis medisinsk heimebehandlingstiltak skal iverksettast, skriving av søknad, samt informerer om formalitetane knyta til ordninga for utlån av utstyr.  MEDHB skal sørgje for at gjeldande regelverk blir følgt, og at pasientane får det utstyret dei er tildelt.

Seksjon for medisinsk heimebehandling dekker kostandar for behandling som skjer utanfor sjukehuset

Så lenge pasienten er under tilsyn og/eller behandling i sjukehuset, er det ansvarleg avdeling som skal dekke kostnadene ved alt utstyr og all behandling.

I Helse Førde er det p.t. Medisinsk teknisk avdeling (MTA) som har ansvaret for oppfølging av det medisinsk tekniske utstyret som inngår i ordninga. Forvaltninga følgjer regimet som gjeld for alt anna utstyr i sjukehuset. Nøkkelpunkt er registrering av utstyr, utføring av ROS-analyse for planlegging av vedlikehald, gjennomføring av reparasjonar og oppfølging av reklamasjonar.

Samarbeidet er dokumentert i vårt kvalitetshandboksystem. Det er også etablert eit samarbeidsdokument som er retningsgivande for samarbeidet mellom MTA og MEDHB.

Vi held til i eigne lokale utanfor sentralsjukehuset     

Hovudfokuset har fram til no vore på behandlingshjelpemiddel, som av HOD er definert til omlag 45 spesifiserte tiltak. 

Styresmaktene ønskjer at helseføretaka skal leggje til rette for meir medisinsk heimebehandling, ut over det som hittil har vore lagt i omgrepet behandlingshjelpemiddel, når dette er medisinsk forsvarleg og pasienten ønskjer det.

Vi meiner det kan vere naturleg å legge dei utvida tenestene innan medisinsk heimebehandling saman med oppgåver i retning av medisinsk avstandsoppfølging (del av telemedisin) til eksisterande seksjon for behandlingshjelpemidlar.

Vår seksjon har sidan 2003 handtert BHM-ordninga i helseføretaket. Vi opplever ofte at våre tenester blir forveksla med tenestene NAV/Hjelpemiddelsentralen kan levere.

Det er forskjell på utstyr som blir brukt i medisinsk behandling som vi handterer (medisinsk teknisk utstyr og medisinsk forbruksmateriell), og tekniske hjelpemiddel som NAV/Hjelpemiddelsentralen handterar t.d. i form av rullestolar og trappeheiser og andre hjelpemiddel for å løyse problem knytta til ulike formar for funksjonshemming.

Ein har difor f.o.m. 1/2 2019 skifta namn frå “Seksjon for behandlingshjelpemidlar” til “Medisinsk heimebehandling” for at det tydelegar skal gå fram kva vi jobbar med, og samstundes leggje til rette for at namnet og kan femne om den nye kvardagen som kjem – med ansvar for oppgåver utover dei tradisjonelle behandlingshjelpemidlane.