Vi gjer merksam på at vareutvalet i bestillinga kan gje informasjon om kva type medisinsk heimebehandling du er tildelt, og såleis diagnosen din.
Ved å bestille varer via denne nettstaden akseperar du vilkåra for bestilling og gir ditt samtykke til at helseføretaket kan gjere bruk av di e-post-adresse og ditt telefonnummer (SMS) i kommunikasjon knyta til effektuering av bestillinga.
Dersom du ikkje aksepterar desse vilkåra eller ikkje ønskjer kommunikasjon med oss via E-post eller SMS, ber ved deg istaden bruke vår ordretelefon for bestilling av varer. Vår kontortid er mellom kl 09:00 og kl 14:00 tlf.nr. 57831539.
Det kan berre bestillast varer av eller for brukarar som er registrert i sjukehuset sine system som brukar av behandlingshjelpemiddel.
Ein kan berre få tildelt behandlingshjelpemiddel via spesialisthelsetenesta, etter gjennomført diagnostikk som konkluderer med at pasienten kan vere tent med eit behandlingshjelpemiddeltiltak.
Helseføretaket vil ved mottak av bestillinga sjekke om den som har bestilt varen, eller den som er sett opp som mottakar av varen er registrert som brukar av behandlingshjelpemiddel, og vil berre følgje opp bestillingar for registrerte brukarar, og når bestillinga er i samsvar med tildelt BHM-tiltak.
Dersom det er trong for utstyr utover det som er tildelt, må dette takast opp med lege, og utvida tildeling må føreligge før materiellet kan bestillast.
Det er helseføretaket som har ansvaret for å levere utstyr og materiell til brukarar/pasientar som har krav på dette (“sørge for ansvaret”). Det er også helseføretaket som skal dekke kostnadane ved denne tenesta – herunder også kostnadar knyta til frakt og forsending av varene som blir bestilt.