Sug

Bruk av sug gjer ein for å :

  • Opne/sikre luftvegar
  • Fjerne oppkast, slim og blod frå luftvegar eller trachealtube

I medisinsk heimebehandling er det bærbare elektriske sug ein normalt leverer ut.

Typisk vareliste ved utlevering av sug. Merk: Noko utstyrsavhengig forbruksmateriell

Kvalitetshandboka (berre tilgjengeleg i helsenettet): Suging i nesesvelg, munnsvelg og Nasotrakealt.

Klargjering av utstyret

  • Sett saman utstyret, og hald for sugeslangen og sjekk at manometeret gir godt utslag.
  • Vurder om pasienten har trong for tilførsel av oksygen ved bruk av sug.
  • Vurder kor langt inn kateteret kan førast. Ved sug via nase/svelg kan ein bruka avstanden frå nesetipp til øreflipp som mål for innføringslengde.

Prosedyre for bruk

  • Bevisstlauss pasient skal ligge i sideleie.
  • Bruk suget aktivt. Sug ved mistanke om tiltetting i luftvegane, ev. også forebyggande/jamnleg.
  • Veksle mellom å halde for og å sleppe opp holet på sugeslangen dersom du ikkje ser spissen på sugekateteret (pga. risiko for å suge seg fast i slimhinner).
  • Bruk suget varsomt. Forsøk å hindre utløysing av brekningsrefleksen. Suging gjennom nasa er ofte den beste teknikken ved refleksfare. Før suget rett inn, ikkje oppover.

Bytt helst sugekateter mellom kvar gong. Å suge igjennom med vatn etter prosedyren forebyggjer tetting av kateter og sugeslange.

Forsøk å håndtere sugekateteret sterilt ved suging på tube.

Ved tracheal suging er det ofte hensiktsmessig å bruke kateter som er bøygd i tuppen.

I munnhola,svelget og nasen er rett kateter mest vanleg. Ved rett kateter er det lettare å få med alt slim. Lumen på kateteret har ulik størrelse og ein vel utfrå kor mykje , kor seig slimet er og om pas har sllimproppar.

Slike sug er tilgjengeleg i medisinsk heimebehandling:

Aspira Go er suget som vi no har rammeavtale for å kjøpe.

Leverandør : Linde Healthcare

Vi har elles allereie i vår utstyrsportefølje tilgong på suget Medela Clario.

… og Lærdal sug, Laerdal suction unit (LSU)

Laerdal sug med fleirgongskolbe.