Inhalasjon

Fagansvarleg avdeling : Medisinsk avdeling, poliklinikk

Inhalasjonsapparat blir brukt til inhalasjon av ulike medikament.  Medikamenta kan ha ulik viskositet og andre fysiske eigenskapar som kan påverke forstøvinga. 

Val av forstøverbeger kan vere styrande for partikkelstorleiken ved forstøvinga, og såleis også styre kor i luftvegane medikamenta hamnar ved inhalasjon.

Det er difor viktig at medisinering og trongen for eigenskapar ved forstøverbeger/forstøvarelement er med i vurderinga ved val av aktuell utstyrsmodell. Enkelte modellar kan leverast med ulike førstøvarelement i forstøverbeger, slik at ein kan tilpasse forstøvareigenskapar etter ønskt behandlingsbehov.

Skal inhalasjonsapparat funger som spesifisert er det svært viktig at ein følgjar produsentane sine tilrådingar når det gjeld reinhald. Det skal svært lite til før eit forstøvarelement ikkje kan levere spesifisert medikamentforstøving.

Vi har slike apparat i bruk i føretaket :

Nokre spesielle moment

Ved inhalasjon med medikamenta Mucomyst eller Pulmicort må pasienten informerast om å bruke ekstra ventilasjonsfilter med bakteriefilter. Mucomystdamp legg seg som eit seigt belegg og kan øydelegge elektriske apparat i heimen.

Pulmicort bør ikkje inhalerast av andre enn pasienten sjølv.

Spesielt ved cystisk fibrose

Pasientar med cystisk fibrose brukar medikament som sett særlege krav til inhalasjonsapparatet.  CF-pasientar skal berre få nytt utstyr – ikkje resirkulert.    Om cystisk fibrose