Koronavirus, tiltak når det gjeld medisinsk heimebehandling i Helse Førde

Tenestene Seksjon for medisinsk heimebehandling i Helse Førde (MEDHB) yter til heimepasientar, held fram som normalt.

Smittehandtering

Rutine ein har blitt opplært i når det gjeld hygiene knyta til heimebehandlingstiltaka som er iverksett i regi av spesialisthelsetenesta skal ivareta krav til smittevern. Vi har ikkje fått melding frå nokon av våre fagansvarlege om at det skal vere nødvendig å endre praksis i samband med pågåande Korona-smittesituasjon.

Informasjon om Covid-19 frå dei lokale samhandlingsorgana mellom Helse Førde og kommunane i Helse Førde sitt opptaksområde.

Nasjonal kompetanseteneste for heimerespiratorbehandling sin Koronavirus informasjon. – Presisering av gjeldande driftsrutiner.

Kort om smittevern og hygiene

Leveringssituasjonen

Vi følgjer med kva som skjer i marknaden når det gjeld leveringssituasjonen for utstyr og medisinsk forbruksmateriell, og har til no ikkje fått signal frå våre leverandørar om at ein har større  leveringsproblematikk når det gjeld utstyr og forbruksmateriell vi leverer ut til våre heimepasientar.

Føresetnadene for at denne situasjonen skal halde seg, er at vi ikkje opnar for hamstring.  Om vi held leveransemengder på normalnivå, bidreg vi til balansen i marknaden som sikrar nok materiell til alle.

  • Det vi gjer er å optimalisere lagerhaldet, syte for at lagerbehaldninga ligg tettare opp mot max-nivå heile tida, slik at vi kan tåle noko forseinkingar i transport av varene fram til oss – utan at dette i nemneverdig grad skal gå utover leveransane ut til heimepasientane.

Personalsituasjonen

For å sikre at drifta ved MEDHB skal haldast i gang, har vi innført heimekontor for fleire av våre tilsette, som gjer at ordretelefon for bestilling av medisinsk utstyr har normal kapasitet – med personell som blir minimalt eksponert for smitterisiko. 

Ved vårt lager for insulinutstyr har vi etablert ein arbeidsplan som gjer at berre ein person er til stades om gangen.

Bere ein i vårt ambulante team er ute på transportoppdrag om gangen.

Slik prøvar vi å sikre resterande personell i beredskap, og sikre at drifta skal kunne haldast i gang, også dersom smitte skulle treffe oss.

Dette er ein arbeidsform vi kan tillate oss i situasjonen vi er inne i, når aktiviteten i sjukehuset elles også er endra.

Hygiene og smittverntiltak

Vi har som anna personell i Helse Førde innført smittevernregime. Hos oss omfattar dette m.a. :

  • Relevant spritvask i våre lokal
  • Stenging av inngangsdør, for å unngå besøk av uautorisert personell inn i våre lokale. Vi følgjer rutinene som er etablert for Førde sentralsjukehus.
  • Regulert bruk av «henteboksar» plassert utanfor inngangsdøra for dei som ønskjer å hente varer sjølv – slik at vi slepp direkte kontakt ved utlevering av varer.
  • Innstramming når det gjeld henting av utstyr/materiell som ikkje lenger er i bruk.  Dersom henting ikkje kan utsettast, følgjer ein smittevernregime ved henting.  Henta utstyr blir ståande i karantene før vidare handsaming.
  • Varer som kjem frå leverandør vel vi å sette i karantene – før varer blir pakka ut og teken inn  på lager.
  • Transportar av utstyr og materiell ut til heimepasientar blir gjennomført som avtalt.

Om ein har spørsmål til ordninga ber ein om at ein kontaktar vår ordretelefon.

Generell informasjon om smittevern ved bruk av medisinsk utstyr heime – og i helseinstitusjon

Det er no som alltid viktig med gode rutinar for hygiene og reinhald ved bruk av medisinsk utstyr. Sjølv om vi no er inne i ein spesiell situasjon med koronasmitte, skal ein berre følgje fabrikantane sine prosedyrar for reinhald av utstyr – slik dette kjem fram i brukarrettleiingane. (Om du ikkje har tilgang til brukarrettleiinga til utstyret du har fått låne, kan du finne fram ved å søke etter namnet på utstyret ditt i produkt/vare-søkefeltet, eller sende oss ein førespurnad om å skaffe det du treng.)

Dersom spritvask ikkje er nemnt i brukarrettleiinga, skal ein ikkje bruke dette ved reingjering av utstyr. Dette kan øydeleggje plastkomponentar og fjerne merking/informasjon/rettleingar for innstillingar på utstyret.

Ei typisk varselmelding frå ein produsent kan vere slik :

  • Bruk ikke blekemiddel, klor, alkohol eller aromatisk baserte løsninger, fuktighetsgivende eller antibakterielle såper eller parfymerte oljer til å rengjøre enheten. Disse løsningene kan gi skade og redusere levetiden til disse produktene.”

– Men ulike fabrikantar kan ha ulike retningslinjer for reingjering av utstyret dei leverer. Difor er det viktig å følgje brukarrettleiinga til kvar utstyrsmodell.

Elles er alltid god handhygiene viktig, og ein føresetnad for trygg bruk av medisinsk utstyr.