Søknad om medisinsk heimebehandling / behandlingshjelpemiddel for utfylling av lege utanfor helseføretaket

Søknadsskjema

Her finn du Helse Førde sitt skjema(word) (PDF) for søknad om utlån av behandlingshjelpemiddel og dekning av kostnadar for medisinsk forbruksmateriell.

Utfylling av søknaden

Søknaden bør fyllast ut ved bruk av PC for å unngå mistyding av handskrift.

Hovudpunkta som må med i søknaden for at saka skal kunne handterast av helseføretaket er:

  • Pasienten sin diagnose (ICD10-kode) – som er lagt til grunn for søknaden.
  • Spesifikasjon av utstyret og forbruksmateriellet pasienten har trong for, anten heilt konkret eller med referanse til ei definert vareliste (varelistenamnet) som omfattar “ei startpakke” med utstyr og forbruksmateriell.  I praksis vil det vere spesialisthelseteesta – som rekvirent – som skal kvalitetssikre at varene som blir rekvirert samsvarar med utstyret som er tilgjengeleg for utlevering/utlån.
  • Spesifikasjon av eventuelle avvik frå lista – tilpassing til aktuell pasient
  • Saman med søknad om utstyr skal ein også spesifisere korleis utstyret skal stillast inn (t.d. l/min for oksygenbehandling, medikamentspesifikasjon ved søknad om inhalasjonsapparat, etc), og for kor lang tid rekvirerte forbruksvarer er tenkt å skulle vare. Normalt sett ein innleiingsvis opp forbruksvareliste for 4 veker.
  • Opplæringsansvarleg i helseføretaket og primærhelsetenesta.
  • Namn og HPR-nummer til ansvarleg lege
  • Leveringsadresse og telefonnummer (heime hos pasient eller i sjukehuset), kontaktperson, samt eventuell ansvarlig i kommunen/heimen

Dersom det er vanskeleg å spesifisere utstyrsomfang, bør pasient tilvisast til helseføretaket for utgreiing.

Helfo

Det er eit skilje mellom det utstyret og materiellet ordninga for behandlingshjelpemidlar skal dekke, og det utstyret som er dekka av Helfo sine stønadsordningar.

Diverre er skiljet mellom dei 2 stønadsformene ikkje tydeleg reint medisinsk fagleg, men meir regelstyrt. Fellesnemnaren er at det berre er lege som har løyve til å søke om utstyr/stønad både når det gjeld behandlingshjelpemiddel og forbruksmateriellstønad via Helfo.

Opplæring

Opplæring er ein viktig del av det å sette i gong eit medisinsk heimebehandlingstiltak.

I tillegg til opplæring av pasienten, skal ein også vurdere trong for opplæring av pårørande, og primærhelsetenesta dersom dei skal spele ei rolle i oppfølging av pasienten på vegne av helseføretaket.

Det er likevel alltid helseføretaket som har det formelle oppfølgingsansvaret for pasienten.

Adresse

Søknad om iverksetting av tiltak for medisinsk heimebehandling t.d. i form av behandlingshjelpemiddel sendast :

     Førde Sentralsjukehus, Helse Førde HF, Postboks 1000, 6807 Førde

Nasjonal informasjon

Det er etablert ei nasjonal side med informasjon om behandlingshjelpemiddelordning, m.a. med til gang til Forum der spesielle saker blir diskutert saman med prinsipielle sider ved BHM-verksemda. 

Merk: Helse Førde sitt søknadsskjema skil seg noko frå det nasjonale søknadskjemaet.

Sjå Behandlingshjelpemidler.no