
Det er oppretta avtale om bruk av datamonitoreringssystemet diasend® clinic for føretaka i Helse Vest. Avtala omfattar levering av skytenester over Internett og nødvendig programvare for innlasting og analysering av data frå utstyr for diabetesbehandling.
Det pågår p.r. jan 2021 arbeid med ny ROS-analysere av bruken av tenesta i Helse Vest – i lys av gjeldande regelverk – m.t.p. etablering/justering av databehandleravtale.
Systemet skal kunne lagre og behandle data frå t.d. blodsukkermålerar (BGM), Kontinuerleg glukosemålarmålerar (CGM), Flash glukosemålar (FGM) og insulinpumper.
Løysingar opnar for bruk på minst 2 måtar :
- Avlesing av målte verdiar ved oppkopling av BGM/CGM/FGM mot PC på sjukehuset som køyrer diasend®clinic
- Analysering av data pasientar har gjort tilgjengeleg for diasend® clinic heimeifrå via diasend® personal
Måten avlesing av insulinutstyr kan gjerast på heimeifrå vil vere utstyrs-fabrikat og -modellavhengig, men vil alltid direkte eller indirekte omfatte bruk av diasend® uploader, som ein gratis programvare tilgjengeleg for allmenta. Programvaren kan ein installere på sin eigen private PC. For å gjere data tilgjengeleg for sjukehuset, må ein ha sjukehuset sin diasend-klinikk-ID, og elles følgje brukarrettleiingane under.
Overføring av måledata via APP
Enkelte fabrikat insulinutstyr, kan oversende måleverdiar via ein proprietær mobiltelefon-app – levert av insulinutstyrsleverandøren – her prosedyren for CGM-utstyr:
- Freestyle Libre Link app (Freestyle Libre 2)
- G5/G6 mobil app (Dexcom CGM-utstyr)
- Eversense mobil app
IR-overføring til PC
Anna utstyr kan koplast opp via ein dedikert opplastingsstasjon ved bruk av infraraud kommunikasjon (krev eigen IR-kommunikasjonseining):
- Roche insight insulinpumpe
- Roche Accu-Chek spirit og spirit Combo
USB-oppkopling til PC
Anna utstyr kan koplast direkte til PC ved bruk av ulike USB-kablar
- Countur Next Link 2.4, blodsukkermålar(BGM)/ fjernkontroll bolus for Medtronic 640G/670G insulinpumper. *
- Mylife Omnipod (Mini USB)
- Tandem t:slim (Micro USB)
* Medtronic-utstyr kan ikkje kommunisere med Diasend. Medtronic tilbyr i staden løysinga Carelink som det pågår arbeid med å få sett i drift i helseføretaket.