Medisinsk heimebehandling spesialisthelseteneste heime behandlingshjelpemiddel

Det er spesialisthelsetenesta (helseføretaket) som kan iverksette spesialisthelseteneste heime t.d. i form av eit behandlingshjelpemiddeltiltak etter gjennomført diagnostikk av pasient.

Vediverksetting av Behandlingshjelpemiddeltiltaket er det avdelinga som er ansvarleg for den medisinske  behandlinga av pasienten, avdelinga som skriv søknaden om behandlingshjelpemiddel, som er ansvarleg for å spesifisere kva utstyr og artiklar tiltaket skal omfatte, og for å spesifisere rutinar for bruk av utstyr og forbruksmateriell.

Det er også avdelinga som har det medisinske fagansvaret for å gje tilstrekkeleg opplæring av pasient, pårørande og eventuelt heimetenesta for at tiltaket skal fungere optimalt for pasienten.

Det er helseføretake via den avdelinga som har pasientansvaret som og er ansvarleg for oppfølging av pasientar som brukar spesialisert medisinsk heimebehandling.

Oppfølgingsansvaret kan for nokre behandlingstilak bli ivareteke i samarbeid med primærhelsetenesta i pasienten sin heimkommune.

 

 

2 hendelser på “Medisinsk heimebehandling spesialisthelseteneste heime behandlingshjelpemiddel”

Legg igjen en kommentar